Wikipedia:Wikiprosjekt fuglar/Oversyn all verdas fuglar

Sentrale omgrep endre

Kva er ein fugleart?

Autoritetane nyttar ulike definisjonar, Birdlife International har gjort greie for sitt artsomgrep: dei nyttar eit biologisk artsomgrep basert på kvantitative kriterium og eit rammeverk av mange fenotypiske karakterar som morfologi, vokalisering, farge, økologi og geografi, som er kvantitativt vurdert for å klassifisere artar. Både artsomgrepet og kriteria er diskutert i Quantitative criteria for species delimitation.[1][2]

Kor mange fugleartar har vi?

Mellom anna grunna mangel på semje om artsomgrep og taksonomisk metodikk, vil talet på artar variere mellom utgjevarane av sjekklister. Ved utgangen av 2014 hadde til dømes Clementslista 10 303 nolevande artar, (10 404 med siste utdøydde),[3] IOC-lista hadde 10 546[4] nolevande artar. Artstalet har hatt ein tendens til å vekse monaleg dei siste åra, Clementslista har lagt på seg 369 artar etter 2007. Det har òg vore usemje om årsakane til auke i artstal. Historisk har omklassifisering frå underart til art og motsett veg gjort store utslag. I 1909 vart det definert heile 18 939 fugleartar, redusert til 8590 i 1951.[5] Georg Sangster har gjort kvantitative analysar på endringsforslag frå perioden 1950 til 2007, og fann at fastsetjing av nye artar blei stødd av tilgang på nye data meir enn auka kunnskap (epistemologisk).[5]

Kva er ein fugl?
Kva er ein fuglefamilie?

Familieoversyn endre

Litteratur endre

På norsk

I 1985 kom verket World of Animals på Equinox Ltd, Oxford. Ragnar Frislid omsette verket til norsk med tittelen Verdens dyr. Den norske utgåva kom på J. W. Cappelens Forlag i 1986-1987. Verket har tre bind om fuglar som skildrar fuglegrupper på familienivå. Verket er gjort fritt tilgjengeleg på nettet hos Nasjonalbiblioteket.

På engelsk

Handbook of the Birds of the World (HBW) er eit engelskspråkleg bokverk produsert av det spanske forlaget Lynx Edicions, 1992-2013. Verket dekkjer kjente fugleartar, men inneheld òg særs omfattande skildringar av fuglefamiliar. Artiklane er tilgjengeleg som ei abonnementsteneste kalla Handbook of the Birds of the World Alive.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Tobias et.al, 2010
  2. BLI 2014
  3. Clementslista 2014
  4. IOC World Bird List, versjon 4.4 henta 11. januar 2015
  5. 5,0 5,1 Sangster, 2009