Wikipedia:Wikiprosjekt fuglar

Dette er eit wikiprosjekt for å gjere artiklar om biologisk klasse Aves i dyreriket mest mulig komplette og konforme.

Viss du har lyst å vere med å hjelpe Wikipedia på fuglestoff, så er det berre å gå i gang, sjå nedanfor om oppgåver for kva som kan gjerast. Ta kommentarar, spørsmål og diskusjon på diskusjonssida.

Tittel endre

Wikiprosjekt om fuglar

Overordna prosjekt endre

Dette prosjektet er underordna prosjektet om biologi.

Alle undersider:

Deltakarar endre

Alle med interesse, inga registeringsplikt.

Klassifisering endre

Dette er eit naturvitskapleg prosjekt.

Målsetjing endre

Å gjere Wikipedia på nynorsk til det klårt beste oppslagsverket om fuglar på norsk språk, det inneber at oppslagsverket etter 'ei tid'

  • tilbyr ein utmerka artikkel for kvar biologisk orden av fuglar
  • er komplett på familiar, det vil seie ein artikkel for kvar anerkjent familie
  • tilbyr ein artikkel for kvar art på Norgeslisten
  • gjev pålitande og oppdatert informasjon som det er konsensus for i fagmiljø vi stør oss på
  • har ein global synsvinkel, men har største utdjuping om fuglar som treffast i Noreg
  • er tilpassa lesarar som har interesse for emnet, men ikkje må ha biologi eller ornitologi i fagkrinsen eller som profesjon

Dette er ikkje rissa inn i berget, kan tilpassast interesser, betre innsikt og kunnskap og andre omstende undervegs. Vi kan heile tida samanlikne med snl.no.


Oppgåver og basisinformasjon endre

Ingenting er absolutte reglar og det er lov å endre på dette oppsettet etter behov og ved utvikling, ta gjerne diskusjonar på diskusjonssida.

Samsvarande prosjekt på engelskspråkleg wikipediaprosjekt: en:Wikipedia:WikiProject Birds

Omfang: Alle artiklar som hører heime innanfor Kategori:Fuglar.

Sentrale artiklar om emne i biologien som òg angår artiklar om fuglar: Takson, biologisk systematikk, kladistikk.

Oppgåver, artikkelskriving endre

  • Opprette, skrive nye eller forbetre artiklar om artar, slekter, familiar, ordenar og andre grupper av fuglar
- artsskildring for alle artar funne i Noreg, sjå noregslista for kva som saknast,
  • Opprette, skrive nye eller forbetre artiklar om andre emne knytt til ornitologi eller fuglar medrekna biografiar om biologar kjent for arbeid innan området, om tidskrift og bøker

Spesifikt:

fugleanatomi,
fugleevolusjon
fuglevern,
kurtise og paring, om leik, kurtise, oppvisingar,
fuglekikking,
streiffugl, og dei som ikkje trekkjer,
hekking, monogami
fjørdrakt,
flyging,
biogeografi for fuglar,
habitattypar for fuglar biotopar?: våtmarker, kyst, hav, øyer, alpine område, tørre område, kratt, skog, jordbruksland - kulturmark
fuglesong, med funksjonar og typar lydytringar som rop, song, kall, skrik, mekanisk lyd som tromming,
sjå dessutan oversyn snl.no.
Alternativ vinkling på temaet og andre innfallsvinklar til artiklar enn systematikk, klassifisering og artsoppramsingar.

Oppgåver, generelle forbetringar og opprydding endre

  • Bidra til samarbeidande aktivitetar for å oppnå målsetjinga over
  • Kommunisere felles basis for artiklar slik at dei ikkje går kvar si lei med omsyn på namnsetjing og klassifisering.
  • Få inn ny type infoboks i artiklar som manglar det
  • Endre skrivemåten på vitskapeleg namn for fuglefamiliar, frå endinga *idæ til *idea
  • Oppdatere raudliste-status på artar
  • Finne nye og kanskje betre artsskildrande bilete
  • Samle oversyn over gode referansar, tilgjengeleg på nettet eller lett tilgjengelege på bibliotek
  • Samanlikne status på omfang på og innhald i artiklar her mot tilsvarande på Store norske snl.no slik at vi ein dag kan dokumentere at vi er betre.
  • Diskusjon: kva element skal infoboksar innehalde på dei ulike typar taksa?

Norske namn på taksona endre

Artsnamn på norsk: Det finst fleire kjelder med offisielle namn på norsk, sjå avsnitt om ressursar på norsk:

  • Artsdatabanken.no - artsnamnbase: gjev artsnamn på begge skriftsspråk, for alle «norske» artar
  • Norske navn på verdens fugler: Alle fuglenamn på bokmål
  • Norgeslisten: bokmål, fuglar observert i Noreg
  • Avibase tilbyr artsnamn for verdas artar på nynorsk, i endre visningsalternativer, velg et annet morsmål: nynorsk

I dette leksikonet nyttar vi sjølvsagt namn etter nynorsk rettskriving. Nær 60 % av artsnamna er felles med bokmål, dei andre treng små justeringar. Sjå prosjektunderside om omsetting frå bm om å 'omsetje' fuglenamn frå bokmål til nynorsk.

Er fuglenamn på norsk stabile? endre

Les om to unntak, endringar som har skjedd seinare tid med namn på gulnasealbatross og meistersongarhttp://www.birdlife.no/organisasjonen/nyheter/?id=696

Frå desember 2017 kom ei oppdatering frå Norsk navnekomité for fugl, slik at det per 1. januar 2018 eksisterer eit offisielt norsk namn på alle artar i eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology].

Lista med norske namn er tilgjengeleg her: Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017).

Når artar skifter familie etter funn og aksept av ny vite, vil dei nokre gongar få nytt namn. Eit døme er Chrysomma poecilotis, tidlegare flekkinntimal, som blei flytta frå timalar til den nye buttnebbfamilien, (tidlegare songarar,) og fekk nytt namn rusthalesongar.

Den nye lista inneholder òg offisielle norske namn på alle gamle og nye fuglefamiliar. Dei er tatt i bruk i fuglar etter klassifisering.

(Er fuglenamn på engelsk stabile?) endre

Sjå http://www.worldbirdnames.org/updates-en08.html for eksempel på endringar.

Vitskaplege namn på taksona endre

Sjå avsnitt om taksonomi nedanfor.

Artikkelnamn endre

Generelt for alle typar takson: Viss ikkje taksonet har fått offisielt namn på norsk, skal artikkelen opprettast med vitskapleg namn som artikkelnamn. Artikkel om eit takson som har fått artikkelnamn på norsk skal alltid ha det vitskaplege namnet som alias, oppretta med omdirigeringsside.

Art: Generelt brukar vi det norske fuglenamnet som artikkelnamn. Når namnet har fleirtyding set vi på framleddet Fuglearten, som i eksempelet Fuglearten møllar. Nyleg anerkjente artar har ikkje fått norsk namn, og vi nyttar vitskapleg namn, eksempel Phylloscopus nitidus, ein bladsongar.

Slekt: I tilfelle der det finst innarbeidde namn for ei gruppe på norsk nyttar vi dei som artikkelnamn, til dømes kjerrsongarar for slekta Acrocephalus, elles nyttar vi det vitskapelege slektsnamnet, til dømes Seicercus. Ved fleirtyding føyer vi til leddet Fugleslekta som i dømet Fugleslekta Sylvia.

Familie: Generelt, om det finst naturlege namn på norsk nyttar vi dei som artikkelnamn, for eksempel maurfuglar avleidd frå 'maurfuglfamilien' for familien Thamnophilidae. Alternativt kan ein bruke forma *familien som i eksemplet fossekallfamilien fordi 'fossekallar' kan forvekslast med fleirtal av arten fossekall. Nyleg anerkjente familiar har ikkje fått norsk namn, og vi nyttar vitskapleg namn, eksempel Melanopareiidae sjølv om val av norsk namn er nokså opplagt.

Orden: Her finst det allereie innarbeidde norske namn som vi brukar i artikkelnamn, sjå inndelinga i artikkelen fuglefamiliar.

Andre taksontypar enn dei nemnt over: Bruk vitskapleg namn, til dømes Paleognathae (overorden) og Sylvioidea (superfamilie).

Kategorisering av artiklar endre

Artiklar om taksona art, slekt familie eller orden:

  1. sette inn i kategoristruktur som følgjer taksonomien. Toppkategori Kategori:Fuglar etter klassifisering. Hensikt: gjer det enkelt å finne dei mest nærskyldte takson
  2. sette inn i kategoristruktur som ei geografisk inndeling. Toppkategori Kategori:Fuglar etter biogeografi. Hensikt: gjer det enkelt å finne fleire takson som held til på eit geografisk område. (svensk wikipedia har ein liknande kategori: se:Kategori:Fåglar efter djurgeografiska regioner)
Framlegg om underkategoriar:

Taksonomi og referansar endre

Fugletaksonomien varierer frå autoritet til autoritet og er i ei konstant endring. På det engelske Wikipedia-prosjektet har ein tidlegare nytta Handbook of the Birds of the World som rettesnor, men i dag er IOC World Bird List (IOC), (http://www.worldbirdnames.org) føretrekt. Til forskjell frå norsk språk, så har dei på engelsk språk i utgangspunktet engelske namn på alle taksa i lister og systematikkoversikter frå alle autoritetar, sjølv om dei kan sprike.

Det finst berre ei oversikt som gjev taksanamn på norsk: The Clements Checklist of Birds of the World, versjon 6 per mai 2008, saman med Norske navn på verdens fugler. IOC-lista skil seg frå Clements-lista ved at ho er i større rørsle, aksepterer ny klassifisering i taksonomi tidlegare og har fleire artar. Jamfør fire oppdateringar i IOC-lista i 2009 mot ei oppdatering i Clements-lista.

Frå 2021 vil Norsk Ornitologisk Forening legge om til IOC-lista, sjå «NOF samkjører taksonomi og systematikk for fugl» på birdlife.no, 4. desember 2020, «taksonomiske anbefalingene til IOC skal legges til grunn som en felles taksonomi for NOFs organer», det vil òg føre med seg ei omlegging av «Verdslista» til i første omgang IOC World Bird List V11.1, 2021.

Wikipedia på nynorsk bør følge IOC-lista som generell rettesnor av grunnar nemnt over når Verdslista er lagt om.

Er vitskaplege artsnamn stabile? endre

Det hender med jamne mellomrom at artar blir flytta frå ei slekt til ei anna, eventuelt at slekter blir splitta eller familiar omgruppert på ymse måtar. Vitskapleg namn blir då endra. Når endringa er publisert på https://www.worldbirdnames.org/new/ioc-lists/master-list-2/ kan det endrast i artiklar her på Wikipedia.

Referansemalar endre

  • {{Referanse:NorskeFuglenamn‎2017}}
  • {{Referanse:IUCN2010|lestdato=27. januar 2011|vitskaplegNamn=Androphobus viridis|url=http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/146492/0}}

Informasjon og nettressursar på norsk endre

Truleg det mest brukte kompakte oppslagsverket på norsk, 1999-utgåva her manglar oppdateringar på taksonomi som er komme inn i siste utgåve
Det største verket på norsk med artsskildringar, mykje tekst per art, inneholder detaljar om utbreiing og trekk som nokre gonger er utdatert i dag
Kanskje den beste på lokale norske artsnamn
  • Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu (1996)
Søk på artsnamn+geografi+årstider kan seie noko om faktiske utbreiingsområder og trekktilhøve i vår tid, men søkeresultat må tolkast og brukast varsamt
Gjev skrivemåten for fuglenamn på nynorsk og bokmål, for alle «norske» artar
  • Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Her er ofte grundig omtale og vurdering av dei aller fleste norske artar, også dei som ikkje er raudlista eller trua.
Utbreiingskart (50x50 km kartruter) for 596 artar, hekking, utbreiing og mengde

Andre ressursar endre