Wilhelm Dietrichson

Wilhelm Sigvard Hjorth Dietrichson (30. juli 18804. august 1949) var ein norsk organisasjonsmann, skuleleiar og politikar frå Oslo.

Wilhelm Dietrichson
Fødd30. juli 1880
Død4. august 1949 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Dietrichson, som var son til ein løytnant i hæren, tok eksamen ved Noregs Landbrukshøgskule i 1901. Han arbeidde så som frømeklar ved Felleskjøpet i Oslo frå 1903 til 1908. I 1910 fekk han stilling som sekretær i Norsk Landmandsforbund, omgjort til generalsekretær frå 1920. Samstundes vart han den fyrste generalsekretæren i den nyskipa partiorganisasjonen som seinare fekk namnet Bondepartiet. Han var generalsekretær i Bondepartiet til 1931 og i Norges Bondelag til 1941, avsett av NS-styret. I 1945 kom han tilbake som generalsekretær i Bondelaget for nokre månader. Han «la ned eit stor arbeid som organisator og foredragshaldar»[1] og «skreiv mykje om bondereising i dagspressa».[2]

Dietrichson representerte Nedre Romerike valkrins og Landsmandsforbundet på Stortinget perioden 1919-21, medlem i landbrukskomiteen. Han sat i Kråkstad heradsstyre 1922–25.

I 1918 kjøpte Dietrichson garden Finstad i Ski, der han frå 1922 dreiv Follo landbruksskole. Han var styrar av skulen fram til han døydde i 1949.

Dietrichson vart i 1946 utnemnd til riddar av 1.klasse av St. Olavs Orden.

Notar endre

  1. Norsk Allkunnebok. III. bandet:377
  2. Norsk Allkunnebok. III. bandet:377