Wilhelm Ernst Ramm

Wilhelm Ernst Ramm (8. februar 18573. desember 1934) var ein norsk jurist og politikar frå Fredrikstad. Han representerte heimbyen og partiet HøgreStortinget i 1903 og 1913-18. Sakføraren Ove Ramm var far hans.

Wilhelm Ernst Ramm

Fødd8. februar 1857
Fredrikstad
Død3. desember 1934 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
FarOve Engelsen Ramm
Alle verv

Ramm vart student i 1875 og cand.jur. i 1880. Dei neste tre åra var han fullmektig hos byfuten i Fredrikstad, frå 1883 var han overrettssakførar i byen. Perioden 1890-1903 var han offentleg oppnemnd forsvarar i saker for lagmannsretten og krigsretten. Frå 1903 var han borgarmeister i Fredrikstad i 25 år.

Ramm var medlem i bystyret frå 1891, varaordførar 1897-1902. Han var varamann til Stortinget frå 1898 til 1903, møtte i 1903 frå 5. juni til stortingssesjonen var over. Periodane 1913-15 og 1916-18 var han einmannskrinsen Fredrikstad sin representant på Stortinget. I den fyrste treårsbolken var han medlem i Gasje- og pensjonskomiteen, i den andre i Protokollkomiteen.

Kjelder endre