Wilhelm II Land

(Omdirigert frå Wilhelm II Coast)
Wilhelm II Land is located in Antarktis
Wilhelm II Land (Antarktis)

Wilhelm II Land (òg kalla Wilhelm II Coast) er ein del av Antarktis som ligg mellom Cape Penck ved 87°43'E og Cape Filchner ved 91°54'E og er ein del av kravområdet Australsk Antarktis, sjølv om dette kravet ikkje er universelt akseptert.

Området vart oppdaga 22. februar 1902 under Gauss-ekspedisjonen (1901-1903), leia av den arktiske veteranen og geologiprofessoren Erich Dagobert von Drygalski. Drygalski kalla området opp etter keisar Vilhelm II som hadde betalt for ekspedisjonen med 1,2 millionar Goldmark.

I bukta der Drygalski-ekspedisjonen hadde leiren sin fram til 8. februar 1903 ligg Gaussberg, ein 370 meter høg utdøydd vulkan som er kalla opp etter matematikaren og fysikaren Carl Friedrich Gauss.

Kjelder endre

66°48′S 89°11′E / 66.800°S 89.183°E / -66.800; 89.183