Wilhelm Mohr
Wilhelm Mohr (11. august 1886–29. august 1978) var ein norsk godseigar og politikar frå Fana i Hordaland. Han var far til Wilhelm Mohr og bror til Anton Mohr.
Wilhelm Mohr | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. august 1886 Fana kommune |
Død |
29. august 1978 (92 år) |
Yrke | politikar |
Politisk parti | Høgre |
Far | Conrad Mohr |
Liv og gjerning
endreMohr var son til Conrad Mohr, ein rik kjøpmann frå Bergen. Han voks opp på storgarden Storetveit, som far hans hadde kjøpt, i dåverande Fana herad. Etter nokre år ved latinskulen i Bergen vart han 13 år gammal send til England og seinare Tyskland, for å fullføre skulegangen. Deretter var han landbrukselev i Sverige, før han i 1906 tok landbruksskule-eksamen på Sem i Asker og i 1907 hospiterte ved Noregs Landbrukshøgskule.
Sidan 1908 dreiv Mohr storgarden Storetveit i Fana, kalla «Godseier» i 1910. Han skreiv i mange år ei rad artiklar om landbruk i aviser og tidsskrift. Frå 1919 var han formann i Bergens Skogselskap.
Mohr var medlem av Fana heradsstyre frå 1914, ordførar frå 1926 til 1931. Stortingsbolken 1919-21 var han stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Midthordland, vald på eit program for Landmandsforbundet. Den neste tingbolken, 1922-24, representerte han Høgre i Hordaland. Han braut såleis med dei medrepresentantane som danna Bondepartiet. Etter å ha vore ute av Tinget i to valperiodar, var han på ny stortingsrepresentant for Hordaland og Høgre i tida 1931–33.
Mohr var medlem av Noregs Banks representantskap frå 1923, styremedlem i Bergen Museum frå 1928 og preses same stad frå 1936. Han var styreformann for Stend landbruksskule og medlem i representantskapet til Selskabet for Norges Vel. Han arbeidde aktivt for å få opprette Universitetet i Bergen og var formann i Bergens Universitetskomite 1938-39 og sidan i byggekomiteen.