Wilhelm Nielsen
Wilhelm Nielsen (4. januar 1816–4. februar 1889) var ein norsk embets- og stortingsmann frå Holmestrand. Han var far til Godske Nielsen.
Wilhelm Nielsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. januar 1816 Holmestrand kommune |
Død |
4. februar 1889 (73 år) |
Yrke | politikar, jurist |
Språk | norsk |
Wilhelm Nielsen var son til ein skipper. Sjølv gjekk han skulevegen og vart student i 1834 og cand.jur. i 1840. Sidan var han fullmektig ved Jarlsberg «overbirkeret» og deretter ved Jarlsberg sorenskriveri. Frå 1846 var han underrettsprokurator i Holmestrand til han i 1859 fekk stillinga som byfut. Til sist var han sorenskrivar i Bamble frå 1866.
Nielsen var ordførar i Holmestrand i 1858-59. Han representerte Holmestrand på Stortinget i 1857 og på Omframtstortinget 1858, på stortinga 1959-60 og 1862-63 og på Omframtstortinget 1864. I 1857 var han medlem i Justiskomite nr 1, 1859-60 i Desisjonskomiteen og 1862-63 i Bankkomiteen. Heile perioden 1862-64 var han medlem av Lagtinget.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914