Willem de Sitter

universitetslærar

Willem de Sitter (6. mai 187220. november 1934) var ein nederlandsk matematikar, fysikar og astronom.

Willem de Sitter

Fødd6. mai 1872(1872-05-06)
Sneek
Død20. november 1934 (62 år)
Leiden
NasjonalitetNederland
OmrådeFysikk
Yrkeastronom, matematikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Groningen
Universitetet i Leiden
Universitetet i Groningen
Alma materGroningen universitet
DoktorgradsrettleiarJacobus Cornelius Kapteyn
Kjend forde Sitter-universet
BarnAernout de Sitter, Lamoraal Ulbo de Sitter
MedlemKoninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
American Academy of Arts and Sciences
Den internasjonale astronomiske unionen
National Academy of Sciences

De Sitter var professor i Leiden frå 1908 og direktør for Leiden observatorium frå 1919. Han var president i Den internasjonale astronomiske unionen 1925–1928. Det viktigaste arbeidet hans var innafor himmelmekanikk (særskild månane til Jupiter) og kosmologi, der han spelte ei leiande rolle ved utviklinga av teoregiske universmodellar på grunnlag av relativitetsteorien til Albert Einstein.

Krateret De Sitter på månen og asteroiden 1686 De Sitter er namnsette etter han.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Willem de Sitter