Willi Midelfart

norsk målar og teiknar

Johan Wilhelm Midelfart (4. april 190428. oktober 1975) var ein norsk kunstmålår og teiknar kjend som Willi Midelfart. Han er mest kjend for sine dekorasjonar i Oslo rådhus, med veggmåleriet Det gror i mottakssalen på rådhuset.Han var fødd i Oslo og døydde same staden.

Willi Midelfart

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1904
Død

28. oktober 1975 (71 år)

Yrke illustratør, kunstmålar
Willi Midelfart på Commons

Liv og gjerning endre

Midelfart gjekk i lære hos Per Krohg og Otto Sköld i Paris 1925-26, og studerte på Statens Kunstakademi under Axel Revold 1929-30 og 1939-40 hos Georg Jacobsen.

Midelfart reiste mykje og var godt kjend i litteraturen. Han var sosialist, og laget mange illustrasjoner til sosialistiske tidsskrift. Han illustrerte elles Arne Garborgs Bondestudentar (1934-utgåva) og Lise Lindbæks Spania og vi (1946).

Midelfart vart lagd merke til som skildrar av samfunnet. Mellom anna med dystre skildringar frå storbyen Berlin og andre byar. Hans sosiale og politiske engasjement kom til syne i kunst som avdekte folkets kår, framviste menneskeverdet i kvardagen og krigens elende. Mellom tendens-måleria hans er Politiet angriper frå 1932. Midelfart kom på Nasjonal Samlings liste over «ukunst», eit norsk motstykke til det nazi-tyske omgrepet «entartet» kunst.

Seinare på 1930-talet tok han til å måle lyse, naturlyriske landskap med kontrastrik farebruk. Desse verka var ei vending mot det idylliske.

Omframt dekorasjonane i Oslo Rådhus var Midelfart med å utsmykke norske passasjerbåtar. Rådhusfresken Det gror kan oppfattast som vitalistisk prega, med inspirasjonen frå Edvard Munchs verk, men vert like gjerne forstått som ein sosialistisk utopi, og eit idealbilete av det framtidige klasselause samfunnet.

Midelfarts verk finst mellom anna i Nasjonalmuseet og Drammen museum. Ei minneutstilling vart vist i Kunstnerforbundet i 1976.

Kjelder endre

  • Bokmålswikipedia
  • Norsk Allkunnebok, VIII. bandet, 1957-58