Willi Wülbeck (fødd 18. desember 1954) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Oberhausen som tevla for Vest-Tyskland. Han vart verdsmeister på 800 meter i 1983.

Willi Wülbeck


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 18. desember 1954 (69 år)
Oberhausen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976

Aktiv endre

Wülbeck tok seg til finalen på 800 m ved europameisterskapen 1974, der han vart åttande- og sistemann i feltet på ny personleg rekord. To år etter vart han nummer fire i Sommar-OL 1976, over sekundet bak bronsemedaljøren. Fire år seinare glapp dei olympiske sommarleikane då Vest-Tyskland fylgde USA og boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva, grunna Sovjetunionen sin invasjon i Afghanistan.

Wülbecks gjorde sitt livs løp då han i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, i Helsinki den 9. august 1983, vann ein klar siger på 800 meter på tida 1.43,65, tysk rekord også i 2018. Sommaren 1984 var Wülbeck skadd, så OL i Los Angeles gjekk fløyten og han la bort piggskoa.

Frå 1974 til 1983 vann Wülbeck ti strake vesttyske meisterskap på 800 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre