William Holden
amerikansk skodespelar aktiv frå 1939–1981
William Holden (fødd 17. april 1918 som William Franklin Beedle jr., daud 12. november 1981) var ein amerikansk skodespelar.
William Holden | |
![]() | |
Fødd | 17. april 1918 |
---|---|
Fødestad | O'Fallon |
Død | 12. november 1981 (63 år) |
Dødsstad | Santa Monica |
Fødenamn | William Franklin Beedle |
Aktive år | 1939–1981 |
Verka som | skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar |
Ektefelle | Brenda Marshall |
Sambuar | Stefanie Powers |
Prisar | Oscar for beste mannlige hovedrolle, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Primetime Emmy Award for Outstanding Supporting Actor in a Miniseries or a Movie |
Holden vann Oscar for beste mannlege hovudrolle for rollen som sersjant J.J. Sefton i krigsfilmen Dronningen slår begge veier (1953). Han vann ein Primetime Emmy Award for rolletolkinga si i TV-filmen Politirapport (1973). Holden har òg spelt i filmar som Sunset Boulevard (1950), Sabrina (1954), Picnic (1955), Broen over Kwai (1957), Den ville gjengen (1969) og Network (1976).
Holden har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1999 vart han kåra til tidenes 25. største mannlege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[1]
Kjelder Endra
- ↑ «AFI's 100 Years...100 Stars» (på engelsk). Det amerikanske filminstituttet.
- Denne artikkelen bygger på «William Holden» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2018.