Broen over Kwai
Broen over Kwai er eit britisk-amerikansk krigsdrama frå 1957 regissert av David Lean. Handlinga er lagt til det japansk-okkuperte Burma under andre verdskrigen. Dei japanske okkupantane brukar britiske krigsfangar som arbeidskraft til å byggja ei jernbanebru over elva Kwai. Allierte styrkar har samstundes planar om å senda sabotørar for å sprenga brua. Dei leiande rollene vert spelte av William Holden, Jack Hawkins, Alec Guinness og Sessue Hayakawa. Manus er basert på ein roman av Pierre Boulle.
Regi | David Lean | ||
---|---|---|---|
Forfattar(ar) | Sam Spiegel | ||
Produsent(ar) | Sam Spiegel | ||
Manus | Carl Foreman, Michael Wilson, Calder Willingham, Pierre Boulle | ||
Basert på | The Bridge over the River Kwai | ||
Medverkande | Jack Hawkins, William Holden, Sessue Hayakawa, Alec Guinness, James Donald, Percy Herbert, Harold Goodwin, André Morell, Ann Sears, Geoffrey Horne, Harold Goodwin, Peter Williams, John Boxer, Heihachirō Ōkawa | ||
Klipp | Peter Taylor | ||
Musikk | Malcolm Arnold | ||
Sjeffotograf | Jack Hildyard | ||
Produksjonsselskap | Horizon Pictures | ||
Distributør | InterCom, Netflix, Vudu | ||
Utgjevingsdato | 1957, 7. mars 1958 (Tyskland),[1] 18. juli 1958 (Sverige), 11. oktober 1957 (Storbritannia),[2] 14. desember 1957 (USA)[2] | ||
Lengd | 156 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia, USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 27 200 000 US-dollar (verdsfemnande)[3] | ||
Sjanger | dramafilm, Krigsfilmar, romanfilmatisering |
Filmen vann sju oscarprisar, blant anna for beste regi (David Lean), beste hovudrolle (Alec Guinness) og beste originalmusikk (Malcolm Arnold).
Mesteparten av filmen vart spelt inn på (noverande) Sri Lanka.
Samsvar med faktiske hendelser
endreHandlinga til filmen er i stor grad fiksjon, men den er basert på den faktiske bygginga i 1943 av ei jernbanebru over (elva) Mae Klong (som nå kalles Khwae Yai), ved Tha Makham omlag fem kilometer fra den thailandske byen Kanchanaburi (i Kanchanaburi-fylket).[4][5][6]
Prisar
endreOscar-prisar
endrePris | Person |
---|---|
Beste regi | David Lean |
Beste mannlege hovudrolle | Alec Guinness |
Beste kinematografi | Jack Hildyard |
Beste film | Sam Spiegel |
Beste filmklipp | Peter Taylor |
Beste originalmusikk | Malcolm Arnold |
Beste filmatisering | Robert Bolt Michael Wilson Pierre Boulle |
Nominert | |
Beste mannlege birolle | Sessue Hayakawa |
Relevante historiske hendingar
endreHandlinga i filmen er laust knytt til den faktiske konstruksjonen av ei jernbanebru over elva Mae Klong (som fekk eit nytt namn på 1960-talet, Khwae Yai), ved staden Tha Ma Kham, fem kilometer frå byen Kanchanaburi. Commonwealth War Grave Commission seier at «Den berykta Burma-Siam-jarnbana, bygga av krigsfangar frå Samveldet, Nederland og USA, var eit japansk prosjekt som hadde som føremål å betra kommunikasjonane for å forsyna den store japanske hæren i Burma. I løpet av anleggstida døydde kring tretten tusen krigsfangar, og dei vart gravlagde langs jarnbana. Ein rekner med åtti tusen til eitt hundre tusen sivile døydde i anleggstida, hovudsakleg tvangsarbeidarar frå Malaya og Nederlandsk India, eller frå Siam og Burma».[7] To arbeidsstyrkar jobba frå kvar sin ende av jarnbana, mot midten.[7]
Referansar
endre- ↑ Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317
- ↑ 2,0 2,1 https://www.imdb.com/title/tt0050212/releaseinfo; The Internet Movie Database; vitjingsdato: 28. april 2022.
- ↑ https://www.boxofficemojo.com/title/tt0050212/; Box Office Mojo; vitjingsdato: 28. april 2022.
- ↑ Davies, Peter (1991). The Man Behind the Bridge. Continuum International Publishing Group. 0-485-11402-X.
- ↑ Summer, Julie (2005). The Colonel of Tamarkan. Simon & Schuster Ltd. 0-7432-6350-2.
- ↑ Kanchanaburi to seek recognition of Death Railway as a World Heritage Site Arkivert 2019-06-09 ved Wayback Machine.. The Nation (Thailand), 06-05-2018, hentet 06-05-2018.
- ↑ 7,0 7,1 Kanchanaburi War Cemetery
- Denne artikkelen bygger på «Broen over Kwai» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2018.