William Somerset Maugham

William Somerset Maugham, òg kjend som W. Somerset Maugham (25. januar 187416. desember 1965) var ein viktig engelsk dramatikar, forfattar, lege og hemmeleg agent for britane under den første verdskrigen.

William Somerset Maugham

Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 25. januar 1874
8. arrondissement
Død

16. desember 1965 (91 år)
Nice

Yrke skodespelforfattar, romanforfattar, medisinsk forfattar, manusforfattar, prosaforfatter, litteraturkritikar, speider, skribent, lege
Far Robert Ormond Maugham
Mor Edith Mary Snell
Ektefelle Syrie Maugham
Born Mary Elizabeth Maugham
Signatur
William Somerset Maugham på Commons

Forfattarskap

endre

William Somerset Maugham fekk suksess allereie med den første romanen sin, Liza of Lambeth (1897). Han skreiv boka som legestudent medan han gjorde jordmorarbeid i eit fattigkvarter i London. Boka vart litt av ein skandale, borgarskapen såg det som upassande å skildre arbeidarane på ein så naturalistisk måte, men førsteutgåva var utseld på få veker.

Maugham tok sin legeeksamen, men levde som fri forfattar, og det neste tiåret reiste han mykje, og budde i Spania og på Capri. Ingen av dei ti verka han gav ut i denne perioden var i nærleiken av suksessen til Liza of Lambeth. Si eiga forfattarstemme fann han først med teaterstykka; Lady Frederick (1907) blei en stor suksess, andre var Our Betters (1917) og The Constant Wife (1926). Han var svært produktiv, som regel brukte han berre ei veke på kvar akt og ei veke for å revidere heile stykket.

Til vanleg blir romanen Of Human Bondage (1915, på norsk Livets lenker, 1970) rekna som det viktigaste verket til Maugham. Boka er sjølvbiografisk: hovudpersonen Philip Carey er foreldrelaus og veks opp – slik Maugham òg gjorde – hos ein from onkel. Carey har klumpfot medan Maugham stamma.

Verk i utval

endre
  • Liza of Lambeth (1897)
  • Mrs. Craddock (1902)
  • The Magician (1908)
  • Of Human Bondage (1915)
  • The Moon and Sixpence (1919)
  • The Trembling of a Leaf (1921)
  • The Circle (1921)
  • On a Chinese Screen (1922)
  • The Force of Circumstance (1924)
  • The Letter (1927)
  • The Painted Veil (1925)
  • The Casuarina Tree (1926)
  • The Constant Wife (1927)
  • The Sacred Flame – drama (1928)
  • Ashenden (1928)
  • Cakes and Ale or The Skeleton in the Cupboard (1930)
  • For Services Rendered (1932)
  • The Narrow Corner (1932)
  • Theatre (1937)
  • Cosmopolitans (1936)
  • The Summing Up (1938)
  • Up at the Villa (1941)
  • The Razor's Edge (1943)
  • The Lotus Eater (1945)
  • Then and Now (1946)
  • Creatures of Circumstance (1947)
  • A Writer's Notebook (1949)




Litteratur

endre
  • Bryan Connon: Somerset Maugham and the Maugham dynasty. London: Sinclair-Stevenson 1997. ISBN 1-85619-274-1
  • Selina Hastings: The secret lives of Somerset Maugham, London: Murray, 2009, ISBN 978-0-7195-6554-0
  • Philip Holden: Orienting masculinity, orienting nation. W. Somerset Maugham's exotic fiction. Westport, Conn.: Greenwood Press 1996. (= Contributions to the study of world literature; 68) ISBN 0-313-29812-2
  • Anna Makolkin: Semiotics of misogyny through the humor of Chekhov and Maugham. Lewiston: Mellen 1992. ISBN 0-7734-9570-3
  • Jeffrey Meyers: Somerset Maugham. A life. New York, NY: Knopf 2004. ISBN 0-375-41475-4
  • Ted Morgan: Maugham. New York: Simon og Schuster 1980. ISBN 0-671-24077-3
  • Samuel J. Rogal: A William Somerset Maugham encyclopedia. Westport, Conn.: Greenwood Press 1997. ISBN 0-313-29916-1
  • Raymond Toole Stott: A bibliography of the works of W. Somerset Maugham. London: Kaye og Ward 1973. ISBN 0-7182-0950-8

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: William Somerset Maugham
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: William Somerset Maugham