Willich
Willich er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg i kreisen Viersen i nærleiken av byane Düsseldorf, Mönchengladbach og Krefeld. I tillegg ligg han om lag 30 km frå grensa til Nederland.
Willich | |
---|---|
Kyrkja St. Kataharina i Willich | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Nordrhein-Westfalen Düsseldorf Viersen |
Grunnlagd | 1970 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
67,77 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
51 995 767/km² |
Koordinatar | 51°16′0″N 06°33′0″E / 51.26667°N 6.55000°E |
Høgd over havet | 40 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 47877 |
Telefon-retningsnummer | 02154, 02156, 02159 |
Bilnummer | VIE |
Heimeside: www.stadt-willich.de |
Historie
endreByen vart grunnlagd i 1970 då dei tidlegare sjølvstendige landsbyane Willich, Anrath, Schiefbahn og Neersen vart slått saman. Landsbyane er derimot mykje eldre, og Willich vart nemnd for første gong på 1100-talet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Willich» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2007.