Willy Ustad
Willy Ustad (fødd 16. mai 1946 i Trondheim) er ein norsk forfattar.
Willy Ustad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mai 1946 (78 år) Trondheim |
Yrke | forfattar |
Willy Ustad vart tilsett i Forsvaret 1963–75, deretter mellom anna tilsett ved Aker Verdal. Han debuterte med romanen Ulva fra Huldretjernet (1989), følgt av Ulvetid (1990). Fyrste bok i romanserien Fire søsken kom ut i 1992, og i 2001 vart serien avslutta med bok nummer 42. Han har også skrive fleire kortere seriar (mellom anna Opprør, 7 bind; Journalisten, 9 bind). Vidare har han gjeve ut ungdomsboka Et liv i dødens tid (1998) og ein science fiction-serie for ungdom i 6 bind (Vokterne i 1998 og vokternes hemmelighet i 1999 eller Ukjente makter, 1998–2003).
Seinare utgjevingar er Elvis Olsen lever (2006), Elvis Olsens åpenbaring (2007) Vokterne (2008) og Mysterier (2009).
Prisar
endre- Inderøy kommunes kulturpris 2002
Kjelder
endre«Willy Ustad» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Willy Ustad» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2013.