Windows 7

operativsystem
(Omdirigert frå Windows Seven)
Utviklar:Microsoft
Utgjeve:22. juli 2009, 22. oktober for vanlege brukarar
Siste versjon:6.1 (Bygg 7600)
(7600.16385.090713-1255[1])
OS-familie:Microsoft Windows
Type kjerne:Hybrid
Lisens:MS-EULA
Nettside:Offisiell netstad

Windows 7 er ei tidlegare utgåve av operativsystemet Microsoft Windows som kom på marknaden i 2009[2]. Windows 7 erstatta Windows Vista og vart erstatta av Windows 8 i 2012. Frå og med 14. januar 2020 har ikkje Microsoft retta feil i Windows 7[3].

UtviklingaEndra

Blackcomb skulle eigentleg vere etterkomaren til Windows XP (Whistler). Store funksjonar var planlagde for Blackcomb, men ei mindre utgåve ved kodenamn «Longhorn» vart gjort kjend. Denne skulle koma i 2003 og Blackcomb-utviklinga var utsett.[4] I 2003 hadde Longhorn teke over nokre av funksjonane som var planlagde for Blackcomb. Etter at det kom tre store virus for Windows i 2003, måtte Microsoft leggja om prioriteringa for utvikling og Longhorn vart sett på vent slik at Microsoft fekk tid til å laga nye oppdateringar til Windows XP og Windows Server 2003. Longhorn-utviklinga vart dessuten starta opp att frå botnen i august 2004 og soleis utsett igjen. Fleire funksjonar måtte kuttast ut.[5]

MaskinvarekravEndra

Microsoft spesifiserte minstekrava til maskinvare for Windows 7.[6] Krava for 32-bitarsutgåva er ganske uendra, men krava for 64-bitersutgåva er høgare.

Minimumskrav til maskinvare for Windows 7[6]
Arkitektur 32-bitar 64-bitar
CPU-snøggleik 1 GHz
Minne (RAM) 1 GB 2 GB
Grafikkort Støtte for DirectX 9 og 128 MB grafikkminne (for Windows Aero)
Ledig plass på platelager 16 GB 20 GB
Optisk stasjon DVD-stasjon (berre til installering frå DVD/CD)

Ekstra krav til å nytta somme funksjonar:[6]

Sjå ògEndra

KjeldetilvisingarEndra

  1. «Windows 7 and Windows Server 2008 R2 Officially RTM At Build Version 6.1.7600.16385 (engelsk)». Henta 23. juli 2009. 
  2. B. LeBlanc, Windows 7 Has Been Released to Manufacturing , Microsoft, 22. july 2009.
  3. Support for Windows 7 has ended, Microsoft.
  4. Lettice, John (24. oktober 2001). «Gates confirms Windows Longhorn for 2003 (engelsk)». The Register. Henta 5. mars 2008. 
  5. «Microsoft cuts key Longhorn feature (engelsk)». Todd Bishop. Hearst Seattle Media, LLC. August 28, 2004. Henta 25. mars 2009. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Windows 7 system requirements». Microsoft. 

BakgrunnsstoffEndra