Windward Islands eller Windwardøyane (tyder «øyane i lovart») er dei sørlege øyane i Dei små Antillane innanfor Vestindia.

Namn og geografiEndra

Øyane har fått namnet Windward frodi dei ligg i lovart eller på vindsida for seglskipa som kom til Den nye verda i forhold til Leewardøyane («leside-øyane»), sidan passatvindane i Vestindia bles frå aust til vest. Dei transatlantiske straumane og vindane som gjev den raskaste ruta over havet førte desse skipa til den grove delelinja mellom Windward- og Leewardøyane. Fartøy i den atlantiske slavehandelen som reiste frå den afrikanske Gullkysten og Guineabukta ville først nå dei søraustlegaste øyane i Dei små Antillane nårde dei reiste vest-nordvestover mot Karibia og Nord- og Mellom-Amerika. Øyrekkja dannar den austlegaste grensa for Det karibiske havet.[1][2]

Windwardøyane er frå nord til sør:

Barbados, Trinidad og Tobago vert ikkje rekna som ein del av Windwardøyane, men vert stundom rekna med fordi dei ligg i lovart i forhold til dei andre øyane i Karibia.

TerminologiEndra

På somme språk vert Windward og Leeward rekna som forskjellige øygrupper. I begge tilfelle, vert dei aust/søraustlegaste øyane kalla Windward, medan dei vestlegaste vert kalla Leeward. Øygruppa langs kysten av Venezuela vert kalla Leeward Antillane på engelsk.

Språk Windward Islands Leeward Islands
Engelsk    
Andre    

KjelderEndra

  1. «Windward Islands». Encyclopaedia Britannica. a line of West Indian islands constituting the southern arc of the Lesser Antilles, at the eastern end of the Caribbean Sea, between latitudes 12° and 16° N and longitudes 60° and 62° W. They include, from north to south, the English-speaking island of Dominica; the French département of Martinique; the English-speaking islands of Saint Lucia, Saint Vincent, and Grenada; and, between Saint Vincent and Grenada, the chain of small islands known as the Grenadines. Though near the general area, Trinidad and Tobago (at the south end of the group) and Barbados (just east) are usually not considered part of the Windward Islands.  
  2. Chapter 4 - The Windward Islands and Barbados - U.S. Library of Congress

Sjå ògEndra

Koordinatar: 12°11′10″N 68°59′22″W