Windwardøyane
Windward Islands eller Windwardøyane (tyder «øyane i lovart») er dei sørlege øyane i Dei små Antillane innanfor Vestindia.
Windwardøyane | |||
øygruppe | |||
Land | Barbados, Grenada Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadinane Frankrike, Trinidad og Tobago | ||
---|---|---|---|
Del av | Dei små Antillane, Windward Islands | ||
Windwardøyane 13°15′N 61°12′W / 13.25°N 61.2°W | |||
Wikimedia Commons: Windward Islands (Lesser Antilles) |
Namn og geografi
endreØyane har fått namnet Windward frodi dei ligg i lovart eller på vindsida for seglskipa som kom til Den nye verda i forhold til Leewardøyane («leside-øyane»), sidan passatvindane i Vestindia bles frå aust til vest. Dei transatlantiske straumane og vindane som gjev den raskaste ruta over havet førte desse skipa til den grove delelinja mellom Windward- og Leewardøyane. Fartøy i den atlantiske slavehandelen som reiste frå den afrikanske Gullkysten og Guineabukta ville først nå dei søraustlegaste øyane i Dei små Antillane nårde dei reiste vest-nordvestover mot Karibia og Nord- og Mellom-Amerika. Øyrekkja dannar den austlegaste grensa for Det karibiske havet.[1][2]
Windwardøyane er frå nord til sør:
- Dominica
- Martinique (eit oversjøisk departement i Frankrike)
- Saint Lucia
- Saint Vincent
- Grenadinane
- Grenada
Barbados, Trinidad og Tobago vert ikkje rekna som ein del av Windwardøyane, men vert stundom rekna med fordi dei ligg i lovart i forhold til dei andre øyane i Karibia.
Terminologi
endrePå somme språk vert Windward og Leeward rekna som forskjellige øygrupper. I begge tilfelle, vert dei aust/søraustlegaste øyane kalla Windward, medan dei vestlegaste vert kalla Leeward. Øygruppa langs kysten av Venezuela vert kalla Leeward Antillane på engelsk.
Språk | Windward Islands | Leeward Islands |
---|---|---|
Engelsk | ||
Andre |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Windward Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Windward Islands». Encyclopaedia Britannica. «a line of West Indian islands constituting the southern arc of the Lesser Antilles, at the eastern end of the Caribbean Sea, between latitudes 12° and 16° N and longitudes 60° and 62° W. They include, from north to south, the English-speaking island of Dominica; the French département of Martinique; the English-speaking islands of Saint Lucia, Saint Vincent, and Grenada; and, between Saint Vincent and Grenada, the chain of small islands known as the Grenadines. Though near the general area, Trinidad and Tobago (at the south end of the group) and Barbados (just east) are usually not considered part of the Windward Islands. »
- ↑ Chapter 4 - The Windward Islands and Barbados - U.S. Library of Congress