Wispel

gammal volumeining

Wispel (stundom òg kalla winspel) er ei gammal nordtysk måleining for volum. Eininga hadde vekslande storleik, mellom 13 og 25 hektoliter. Eininga vart særleg nytta om korn.

I seinare tid har wispel òg vorte nytta om masseininga tonn (1000 kg).

Kjelder

endre
  • Wispel. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 19. august 2013 frå http://snl.no/Wispel.