With Frohavet

skip bygget i 2007

«With Frohavet», tidlegare «Silver River», er eit lasteskip bygd i 2007 ved Myklebust Verft AS. Skipet er eigd av Egil Ulvan Rederi. «With Frohavet» er eit stykkgodsskip, òg kalla reefer. Skipet er tilpassa stykkgods, som båtar, kontainerar og pallar, med høve for kjøle- og frysevarar. Skipet er utstyrt med losseutstyr for fiskefôr, 180 t/timen.[2]

With Frohavet
Karriere
Type: Stykkgods / Reefer
Eigar: Egil Ulvan Rederi
Registreringshamn: Trondheim
Verft: Myklebust Verft AS
Sett i teneste: 2007
Status: I drift
Identifisering: IMO-nummer: 9359650[1]
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 3538 BT tonn
Daudvekt: 2 500 tonn[1]
Dekkbreidde: 16,02 meter}
Djupgang: 6,02 meter[1]

Historie endre

Skipet vart bygd i 2007 som «Silver River». I 2018 vart lasteskipet «Silver River» segla til Halsnøy Dokk. Her skulle det byggjast om til nye «With Frohavet», for Egil Ulvan Rederi. «With Frohavet» fekk montert forsyningsanlegg for fôr, og skulle gå i rute frå Estland til Nord-Troms.[3]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 https://www.hafen-hamburg.de/de/schiffe/kuehlschiffe; vitjingsdato: 23. januar 2020.
  2. «WITH FROHAVET». Henta 9. mars 2021. 
  3. «"With Frohavet" (ex. "Silver River") og "With Junior" byggast om ved Halsnøy Dokk» (på engelsk). Henta 9. mars 2021.