Stykkgods er last som vert frakta i einingar som kan handterast av kran eller køyretøy. Stykkgodset vil typisk vera i fat, store sekker eller på pallar. Slik frakt skjer for det meste med stykkgodsskip, jarnbane eller lastebil.

Kaffisekker som stykkgods i lasterommet til Cap San Diego

Stykkgods skil seg frå partilast ved at det som regel har mindre einingsvekt og volum. Som oftast verta stykkgodset fordelt i standardiserte, større einingar på terminalar før utsending frå ein region og desse einingane kan omfordelast undervegs, før dei til slutt vert distribuert frå ein terminal.

Kjelder endre