Withernsea
Withernsea er ein ferieby ved kysten av grevskapet East Riding of Yorkshire i England. Han har kring 6000 innbyggjarar. Det mest kjende landemerket i byen er eit kvitt fyr. Fyret, som ikkje lenger er aktivt, husar i dag eit museum for skodespelarinna Kay Kendall, som var fødd i byen.
Withernsea | ||
---|---|---|
Pier Towers i Withernsea | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | East Riding of Yorkshire | |
Distrikt | East Riding of Yorkshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
5 980 | |
Koordinatar | 53°44′N 0°2′E / 53.733°N 0.033°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | HU19 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1964 | |
Nullmeridianen kryssar kysten nordvest for Withernsea.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Withernsea» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2011.