Wojciech Nowicki
Wojciech Nowicki (fødd 22. februar 1989) er ein polsk friidrettsutøvar frå Białystok som i 2021 vart olympisk meister og åra 2018, 2022 og 2024 vart europameister i sleggjekasting. Han har elles vunne bronsemedaljen i øvinga i tre verdsmeisterskap; 2015, 2017 og 2019, samt i EM i friidrett 2016 og Sommar-OL 2016. Han sette personleg rekord med 82,52 meter då han i 2021 vann sleggjetevlinga under dei olympiske sommarleikane i Tokyo.
Wojciech Nowicki | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 22. februar 1989 (35 år) Białystok |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2016 – Sleggekast menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Sleggekast menn |
Utmerkingar | Fortjenstkorset i sølv, offiser av Ordenen Polonia Restituta |
Aktiv
endreNowicki sette våren 2015 personbeste med 78,71 m under eit stemne heime i Białystok. Tre månader seinare kasta han nesten like langt i VM-finalen 2015 og fekk bronsemedaljen. Året etter vart han bronsemedaljør i så vel europameisterskapen som i Sommar-OL. Sommaren 2017 forbetra han den personlege rekorden til 80,47 m heime i Białystok, for så å vinne endå ein bronsemedalje under verdsmeisterskapen 2017 i London. 2. juli 2018 flytta Nowicki den personlege rekorden til 81,85 meter. Vel ein månad seinare vart han europameister i Berlin. Frå Doha-verdsmeisterskapen 2019 reiste han heim med si femte internasjonale bronsemedalje, hans tredje VM-bronse i rad. Høgdepunktet for Nowicki kom då han i den tredje omgangen av OL-finalen i Tokyo 4. august 2021 presterte livsbeste med eit kast på 82,52 meter. Dermed vart han olympiske meister, norske Eivind Henriksen vart nummer 2 med 81,58 m i sluttprotokollen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje – 78,55 m
- EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje – 77,53 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronsemedalje – 77,73
- VM 2017 i London: Bronsemedalje – 78,03 m
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 80,12 m, framom Paweł Fajdek (78,69 m)
- VM 2019 i Doha: Bronsemedalje – 77,69 m
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 82,52 m, framom Eivind Henriksen (81,58 m)
- VM 2022 i Eugene: Sølvmedalje – 81,03 m, bakom Paweł Fajdek (81,98 m)
- EM 2022 i München: Gullmedalje – 82,00 m, framom Bence Halász (80,92 m)
- VM 2023 i Budapest: Sølvmedalje – 81,02 m, bakom Ethan Katzberg (81,25 m)
- EM 2024 i Roma: Gullmedalje – 80,95 m, framom Bence Halász (80,49 m)
- OL 2024 i Paris: Nr 7 – 77,42 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wojciech Nowicki» frå Wikipedia på tysk, den 3. mai 2021.