Wolfgang Panofsky
amerikansk fysikar
Wolfgang Kurt Hermann «Pief» Panofsky (24. april 1919–24. september 2007) var ein tysk-amerikansk fysikar.
Wolfgang Panofsky | |||
| |||
Fødd | Wolfgang Kurt Hermann Panofsky 24. april 1919 Berlin | ||
---|---|---|---|
Død | 24. september 2007 Los Altos | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of California, Berkeley Stanford University | ||
Alma mater | California Institute of Technology Princeton University | ||
Doktorgradsrettleiar | Jesse DuMond | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet National Academy of Sciences Det kinesiske vitenskapsakademi American Philosophical Society American Physical Society |
Han var professor ved University of California, Berkeley frå 1946 til 1951 og så professor ved Stanford University i California. Der vart han frå 1953 direktør ved høgenergifysikklaboratoriet. Frå 1962 var han direktør for Stanford Linear Accelerator Center. Panofsky er kjend for planlegging av eksperiment som førte til oppdaginga av det nøytrale pi-mesonet (1951) og for mange andre arbeid innan elementærpartikkelfysikken.
Han har vore rådgjevar for den amerikanske regjeringa mellom anna i samband med romforskingsprogrammet.