Woodbridge i Suffolk

Woodbridge er ein by i Suffolk i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Suffolk Coastal, og ligg ved elva Deben. Sjølve byen har omkring 7500 innbyggjarar (2005), men fleire landsbyar blir rekna med i byområdet slik at det offisielle talet ligg på rundt 11 000.

Woodbridge

Woodbridge, med Woodbridge tidevassmølle i bakgrunnen
Woodbridge, med Woodbridge tidevassmølle i bakgrunnen
Woodbridge, med Woodbridge tidevassmølle i bakgrunnen
Plassering
Woodbridge i Suffolk is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Suffolk
Distrikt Suffolk Coastal
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 956
Koordinatar 52°6′N 1°19′E / 52.100°N 1.317°E / 52.100; 1.317
Diverse annan informasjon
Postnummer IP12
Telefon-retningsnummer 0 1394
Commons har multimedium som gjeld: Woodbridge i Suffolk

Woodbridge stasjon betener East Suffolk Line mellom Ipswich og Lowestoft.

Byen har sidan mellomalderen vore eit senter for båtbygging, rep- og seglmakeri. Både Edvard III og Francis Drake fekk bygd krigsskip i Woodbridge.

Woodbridge har bygningar frå tudortida, georgiansk tid, regencyperioden og viktoriansk tid. Han har òg ein av dei eldste kjende tidevassmøllene i landet, som er ein av berre fire i Storbritannia som har vorte verna og restaurert. Han er først dokumentert i 1170, då han vart driven av augustinarkannikar. I 1536 vart han teke over av Henrik VIII då kyrkjeleg gods vart inndrege, og i 1564 gav Elizabeth I han til Thomas Seckford. Han grunnla Woodbridge School og Seckford almissehus i 1577, for å hjelpe byen sin fattige.

Rett utanfor Woodbridge ligg Sutton Hoo, ein av dei rikaste funnstadene frå angelsaksisk tid.

Den såkalla Rendlesham Forest-hendinga fann stad nær Woodbridge. Det vart hevda at eit romfartøy hadde landa i skogen utanfor byen, noko som vart benekta av styresmaktene. Hendinga har vorte samanlikna med Roswell-hendinga i USA.

Ifølgje ein lokal tradisjon er vegen frå elva til toppen av Drybridge Hill den som The Grand Old Duke of York gjekk opp i ein kjend barnesong.

Kjelder endre