Woodwarditt
Woodwarditt er eit koparhaldig mineral som vert danna ved forvitring av koparsulfid. Mineralet opptrer som blå skorper og belegg. Den kjemiske formelen er Cu4Al2(SO4)(OH)12 ·2–4H2O. Strukturmessig er mineralet i slekt med glaukokerinitt.
Mineralet er kalla opp etter den britiske geologen Samuel Pickworth Woodward (1821–65). I Noreg har ein påvist mineralet i Minnesund, Froland og Sauda.
Kjelder
endre- «woodwarditt» i Store norske leksikon, snl.no.