Wrexham (walisisk Wrecsam) er ein industriby i det nordlege Wales. Han er kjernen i grevskapsdistriktet Wrexham. Kring ein tredjedel av innbyggjarane i distriktet bur i sjølve Wrexham by.

Wrexham
Wrecsam
Land  Storbritannia
Folketal 61 603 (2011)
Kart
Wrexham
53°02′48″N 2°59′37″W / 53.046666666667°N 2.9936111111111°W / 53.046666666667; -2.9936111111111
Wikimedia Commons: Wrexham

Byen var tidlegare eit av dei tyngste industrialiserte områda i Nord-Wales, med teglsteinproduksjon, stålverk og mange kolgruver. Alt dette er no nedlagt, og det enorme jarnbanenettverket i og rundt byen blei fjerna på 1960-talet. Mange ynskte etter det å flytta vekk frå byen, men på grunn av mangelen på arbeidsplassar og mange bustader på marknaden var det umogleg å finna nok kjøparar som var villige til å betala akseptable prisar. Byen gjekk difor inn i ei økonomisk krise.

Den negative trenden blei til ein viss grad snudd i løpet av 1990-åra, gjennom program som gav støtte til lettare industri som etablerte seg i området. Store område som var skadd av kolgruvedrift har blitt sett i stand som industriområde.

Byen har framleis nokon av dei fattigaste områda i Wales, som bydelen Caia Park. I 2003 braut det ut opptøyar der då lokale ungdomar gjekk til åtak på kurdarar som dei meinte fekk urettferdige fordeler. Då politiet kom blei det kasta brannbomber mot dei.

Kultur endre

 
St. Giles kyrkje i Wrexham.

Den lokale fotballklubben er Wrexham AFC og spelar i engelske ligaer. Llanelli Scarlets er ein av dei fire profesjonelle rubgyklubbene i Wales som spelar i Celtic League.

Det nasjonale Eisteddfod vart arrangert i Wrexham i 1888, 1912, 1933 og 1977. Ein uoffisiell Eisteddfod blei halden der i 1876.

Det nyaste kollegiet til University of Wales, North East Wales Institute of Higher Education (NEWI), ligg i Wrexham.

Den viktigaste anglikanske kyrkja i Wrexham er St. Giles. Kyrkjetårnet er rekna som eit av Wales' sju underverk. Det katolske Wrexham bispedømme har sete i byen, med katedralen Wrexham katedral.

Kjelder endre