Wu Zetian av Zhong (17. februar 62416. desember 705) var keisarinne i Kina frå 690 til 705. I røynda hadde ho maka i Kina i ein periode på 40 år, ved at det var ho som fatta vedtaka sjølv om det formelt var familiemedlemmar som sat på keisartrona: Fyrst ektemannen hennar, keisar Gaozong av Tang, og deretter dei to sønene Zhongzong og Ruizong. Ho kalla styret sitt for Zhou-dynastiet, og det var eit mellomspel i Tang-dynastiet.

Wu Zetian

Fullt namntradisjonell kinesisk 武則天, forenkla kinesisk 武则天, pinyin: Wǔ Zétiān
Fødd17. februar 624
FødestadGuangyuan
Død16. desember 705
DødsstadLuoyang
GravstadQianling
Gift medKeiser Gaozong av Tang, Taizong av Tang
DynastiTang-dynastiet, Zhou-dynastiet
FarWu Shihuo
MorYang
BornLi Hong, Li Xian, Keiser Zhongzong av Tang, Keiser Ruizong av Tang, Taiping, Princess Si of Anding, Wu Shi

Under styret til Wu Zetian voks Kina i omfang, domstolane blei mindre korrupte, det gjekk føre seg ei kulturell og økonomisk blomstring, og dynastiet blei sett på som ei av stormaktene i verda.

Wu er den einaste kvinna som formelt har sete på den kinesiske keisartrona, og den einaste som er rekna med i den kinesiske keisarrekka.

Liv og virke endre

Wu Zetian var fødd i Wenshi, som er eit fylke i Shanxi-provinsen. I oppveksten blei ho oppfordra av faren, Wu Shihou, til å lesa bøker og konsentrera seg om skulefag; dette var høgst uvanleg for jenter i Kina på denne tida. Men far til Wu ønskte at dottera skulle bli velutdanna. Ho fekk mellom anna undervisning i politikk og retorikk. Utdanninga omfatta òg å læra å spela musikkinstrument og skriva poesi.

Bakgrunn endre

Far til Wu Zetian var ein tidlegare tømmerhandlar ved det nordlege grenseland i Kina, i det som no er provinsen Shanxi. Han slutta seg tidleg til grunnleggjaren og den fyrste keisaren av det seinare Tang-dynastiet, og fekk ei rekke framståande stillingar. Andrekona hans, fru Yang (Yang Shi), frå herskarslekta til det tidlegare Sui-dynastiet, auka den sosiale respekten hans. Wu Zetian var det andre barnet til paret. I barndommen budde Wu Zetian i Sichuan, der faren var øvstkommanderande.

Ved keisarhoffet endre

 
Avbilding av Wu gjeve ut rundt 1690

I 637 blei fjortenårige Wu ei av konkubinene til den regjerande keisaren Taizong, altså medlem av haremet hans. Då keisaren blei avsett og døydde tolv år seinare, blei ho sendt i kloster som buddhistnonne. Dette var vanleg praksis for keisarlege enker.

Ho kom likevel snart tilbake til hoffet, no som konkubine for den neste keisaren, Gaozong, som hadde forelska seg i henne. Kinesiske kjelder som er notorisk kritiske til Wu vil ha det til at det heile hadde byrja som eit ulovleg forhold mellom dei to medan keisar Taizong framleis var i live. Men uansett var eit slikt ekteskap som blei inngått (der ein mann overtok enkja til den døde faren eller bror sin) slett ikkje uakseptabelt etter den «barbariske» skikken som både Tang-herskarane og Wu Zetian stamma frå. I konfutsiansk samanheng var det likevel rekna som særs upassande. Det kan òg vera at det var keisar Gaozong si fyrstekeisarinne Wang som sørgde for at Wu fekk koma tilbake til hoffet; motivet til Wang kan i så fall ha vore at ho var svært sjalu på keisar Gaozong si konkubine Xiao, fordi ho var favoritten hans. Nokre kjelder hevdar at Wang ville leia merksemda til keisaren over på Wu, for å få spelt konkurrenten Xiao ut over sidelinja. Men då Wu faktisk blei den nye favoritten til keisaren, og dermed blei ein av dei mektigaste personane i riket, starta Wang og Xiao å samarbeida for å freista å pressa ut Wu. Det lykkast dei ikkje med.

Wu fekk fire søner og ei dotter med keisar Gaozong. Dottera døydde som nyfødd, og Wu skulda Wang for å ha kvelt barnet. Wang var den siste personen som var blitt sett i rommet der barnet låg, og ho hadde heller ikkje noko alibi. Wu skulda òg Wang og mora for å praktisera heksekunst. Wang blei funnen skuldig i alle tiltalane, noko som førte til at Gaozong skilde seg frå kona og nekta mora å opphalda seg i palasset. Wu blei no forfremja til fyrstekone og keisarinne over Kina.[1] Moderne historikarar har lansert ulike teoriar om kva som kan ha skjedd. Det er mogleg at det faktisk var Wang som hadde tatt livet av dottera til Wu, men nokre historikarar meiner at det er like sannsynleg at Wu sjølv hadde drepe barnet for å kasta skulda på Wang. Det er òg mogleg at spedbarnet kan ha døydd av naturlege årsaker.

Medkeisarinne, regent, keisarinne og guddom endre

 
Frå Fengxian-hola, ein del av Longmengrottene, som blei laga på ordre frå Wu Zetian.

Keisaren var ved kronisk svak helse. I 660 blei han ramma av eit lammande slag, og i 674 blei Wu Zetian gjort til herskar saman med mannen. Keisar Gaozong og Wu var no «medkeisarar» saman. Men allereie året etter trekte keisaren seg tilbake frå all politikk. Kona blei gjort til regent, og som dette styrte ho i 24 år. Frå 678 var det ho som åleine tok imot hoffembedsmennene og framande utsendingar i keisarpalasset. Den eldste sonen hennar, Hoang, som var kronprins, døydde uventa i 675, og det var alminneleg mistenkt at mora hadde forgifta han. Den neste kronprinsen, Xian, blei forvist til Sichuan, og der blei han til slutt tvinga av mor si til å ta livet sitt i 684.

Då ektemannen til slutt døydde i 683 blei den unge sonen hennar Zhongsong keisar, men han blei avsett etter berre 55 dagar og erstatta med den fjerde sonen hennar, keisar Ruizong. Han var mindreårig, og derfor fortsette Wu Zetian å regjera som formyndarregenten hans.

I 690 abdiserte Ruizong «frivillig» for å bli «keisar-på-vent», og Wu Zetian blei den fyrste kvinna i kinesisk historie som ope sat på keisartrona i sitt eige namn. Ho hadde då allereie regjert i tretti år. For å konsolidera makta si byrja ho eit terrorvelde, med informantar og nådelause embetsmenn i tenesta si. I seinare historieskriving er ho òg blitt skulda for å ha bygd opp eit eige harem som blant anna omfatta buddhistmunkar.

 
Den store villgåspagoden, opphavleg bygt i 652, kollapsa og blei bygd opp att i 701–704, under styret til Wu Zetian. Dagens byggverk er i stor grad det same som blei reist på 700-talet, men dei tre øvste etasjane blei øydelagde under jordskjelvet i Shaanxi i 1556.

Sjølv dei mest fordomsfulle kinesiske historieskrivarar har likevel måtta innrømma at ho hadde eit talent for å oppdaga og knytta til seg dyktige folk som tente styret hennar med effektivitet og lojalitet. Det gjekk eigentleg framover med riket i regjeringstida hennar. Økonomien blomstra og utvidinga av territoriet til riket heldt fram. Målt etter tal på hushald voks riket med 60 prosent i løpet av eit halvt hundreår. På alle vis var styret til Wu Zetian framgangsrikt.

Då eit manifest som gjekk til personangrep på henne og oppfordra til væpna oppstand blei lese opp for henne, skal ho ha vore så imponert av den elegante språkføringa til forfattaren at ho noterte at ministrane hennar hadde forsømt seg stort når dei ikkje hadde oppdaga dette talentet og rekruttert han til hoffet.

Sjølv om Wu Zetian herska som keisar, hadde ho ikkje tatt den tradisjonelle stillinga som «guddom», som keisarar normalt hadde. Dette gjorde ho i 696, og hadde dermed oppnådd ein posisjon som var fullt jambyrdig med dei mannlege motstykka sine. Stillinga hennar var dermed eineståande. Ho flytta hoffet frå Chang'an til den austlege hovudstaden, Luoyang, og sette i gang ei rekke store byggeprosjekt. Ho fremja buddhismen, og verker ha vore delaktig i nokre av verdas aller første trykkeriprosessar, særleg i trykkinga av ein gammal kort sutra som hadde spådd om ein framtidig kvinneleg herskar.

Zhou-dynastiet endre

 
Aust for Føniksporten i Qianling mausoleum nær Chang'an, som blei bygt i 706 for å husa leivningane tilTang Gaozong, Wu Zetian og andre kongelege frå Tang-dynastiet, står den store «ordlause stelen». Ha er 6,3 meter høg og veg 98 tonn.

Zhou-dynastiet blei grunnlagd av Wu då ho blei keisarinne av Kina i 690, og enda med den tvinga abdikasjonen hennar i år 705. Zhou-dynastiet til Wu, som var oppkalla etter det historiske Zhou-dynastiet (1046 f.Kr.–256 f.Kr.), oppfyller ikkje det tradisjonelle konseptet om eit dynasti. Dynasti involverer vanlegvis arv av herskarar frå ein familie. Wu sitt dynasti blir derfor vanlegvis ikkje sett på som eit fullstendig verkeleggjort dynasti, men heller eit avbrot av Tang-dynastiet til familien Li.

Avsetjing og død endre

20. februar 705 fann det stad eit palasskupp, og fleire av dei lojale folka til Wu Zetian og mange av dei antatte elskarane hennar blei drepne. Ho sjølv blei tvinga til å abdisera. Ho hadde då regjert som regent i 30 år, som monark i 15 år, som «gud» i 9 år; til saman i 45 år.

Ho døydde 16. desember same året, etter å ha vore halden i husarrest dei siste månadene av livet sitt.

Kjelder endre

  1. «Wu Zetian» (på engelsk). Henta 7. mai 2021.