Kartesisk koordinatsystem
I det kartesiske koordinatsystemet (òg kalla rektangulært koordinatsystem) er koordinataksane vinkelrett på kvarandre. I to dimensjonar er det vanleg å kalle desse for x- og y-aksen. x-koordinaten vert kalla abscisse og y-koordinaten ordinat. Den tredje dimensjonen går då eventuelt langs z-aksen.
Det kartesiske koordinatsystemet vart først nytta av Rene Descartes, som har gjeve namnet.
Koordinatane til eit punkt i eit kartesisk koordinatsystem er bestemt av projeksjonen ned på kvar av koordinataksane. Punktet kan derfor reknast ut frå koordinatane ved å ta lineærkombinasjonen av dei kartesiske basisvektorane, vekta med koordinatane.
I tillegg til kartesiske koordinatar, kan eit punkt verte gjeve i polare, sylindriske eller sfæriske koordinatar.
Døme
endreEit punkt i planet kan spesifiserast eintydig ved å gje to verdiar, x- og y-koordinaten. For å gje to verdiar samstundes er det vanleg å nytte vektornotasjon, då skriv ein:
for å uttrykke kvar punktet ligg.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kartesisk koordinatsystem» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2009.