Xantin

kjemisk sambinding

Xantin (2,6-dihydroksipurin) er ei organisk sambinding som finst i blod, urin og i enkelte plantar. Det er eit purin med formel C5H4N4O2. Xantin blir oksidert i organismen til urinsyre. Det kan framstillast teknisk frå guanin.

Strukturformel av xantin.

Teofyllin og teobromin, som finst i te og kakao, er begge dimetylxantin. Koffein, det stimulerande stoffet i kaffi, er eit trimetylxantin.

KjelderEndra

  • «Xantin» (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. mai 2015.