Xe-Pian Xe-Namnoy
Xe-Pian Xe-Namnoy (engelsk, Xe-Pian Xe-Namnoy dam)[1] er eit laotisk vasskraftverk med som vart operativ i 2019. Det er knytt til elvane Xe-Pian og Xe-Namnoi (eller Xe Namnoy). Anlegget ligg delvis i Champasak-fylket og delvis i Attapeu-fylket; demningane ligg i Champasak.[2]
Historie
endreBygginga starta i februar 2013. Byggherren var aksjeselskapet Xe-Pian Xe-Namnoy Power.[2] Prosjektet skule produsera 480 Megawatt.
Den 23. juli 2018 braut ei av demningene i anlegget saman med tap av fleire menneskeliv.[3]
Kraftverket vart operativt 6. desember 2019.[1]
Tekniske data
endreDemningar i anlegget:
- Xe-Namnoi-demninga: – høgd 73,7 m, lengd 1600 m, nedslagsfelt 522 km²; volumet på vassmagasinet er 1,043 milliardar kubikkmeter. Ho er ein steinfyllingsdam (engelsk Clay Core Rock Fill Dam).[4]
- Xe-Pian-demninga: høgd 48 m, lengd 1307 m, nedslagsfelt 217 km², vassmagasinvolum 28,72 millionar kubikkmeter. Ho er ein steinfyllingsdam kombinert med gravitasjonsdemning i betong.[4]
- Houay Makchanh-demninga: nedslagsfelt 81 km²[4]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 The unseen human cost of cheap power. Bangkok Post. Vitja 29. juli 2020. «[...] Xe-Pian Xe-Namnoy dam is complete. RATCH Group, a Thai firm holding a stake in the company, said the dam began operation on Dec 6 last year.»
- ↑ 2,0 2,1 «Project In Brief». pnpclaos.com. Henta 24. juli 2018.
- ↑ McGuinness, A. (24. juli 2018). «Laos dam collapse leaves hundreds missing and unknown number feared dead». Sky News. Arkivert frå originalen 24. juli 2018. Henta 24. juli 2018.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Technical Information». pnpclaos.com. Henta 24. juli 2018.