Lidokain
Lidokain, 2-(dietylamino)-N-(2,6-dimetylfenyl)acetamid, er ein aktiv substans i legemiddel, mellom anna Xylocain, Xylocain adrenalin og EMLA. Lidokain har to bruksområde:
- Lokalbedøvingsmiddel
- Antiarytmika, vert nytta ved ventrikulære takyarytmiar, spesielt i samband med hjarteinfarkt
Som andre bedøvingmiddel med namn som endar på stavinga -cain, er middelet syntetisert med den kjemiske strukturen for kokain som modell. Legemiddelet vart funnen opp på byrjinga av 1940-talet av kjemikarane Nils Löfgren og Bengt Lundqvist på Stockholms högskola.
Føretaket Astra marknadsførte Xylocain, som vart den første store salssuksessen for selskapet[1]. Middelet vart kjend då den amerikanske presidenten Eisenhower vart behandla for hjarteproblema sine med Xylocain i 1960. Heilt sidan 1954 hadde til og med paven Pius XII vorte behandla for hikke.
I Xylocain adrenalin vert lidokain nytta i lag med adrenalin. Dette er eit av dei vanlegaste bedøvingsmiddela som vert nytta av tannlegar i Noreg. Det er populært sidan det med adrenalininnehaldet gjer at lengda bedøvinga varer vert forlenga på grunn av vasokonstriktoreffekten adrenalinet gjev. Lidokainet vert ikkje då ført like raskt bort med blodet. Denne effekten kan til og med bidra til mindre bløding.
EMLA er ein bedøvingskrem som inneheld ei blanding av 2,5 % lidokain og 2,5 % prilokain. Den vert til dømes nytta av tannlegar på barn slik at dei slepp nålestikket.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lidokain» frå Wikipedia på svensk, den 31. oktober 2010.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kjell Lindqvist; Sven Sundling (1993). Xylocain - en uppfinning - ett drama - en industri. Södertälje: Astra.