Dwight D. Eisenhower
Dwight David Eisenhower (20. januar 1890–28. mars 1969) var ein politikar og president i USA. Han gjorde karrière som offiser i hæren, heilt til han vart general og øvste sjef for USA sine militære styrkar i 1942. I 1944 var han den overorderna sjefen for dei allierte si krigføring på vestfronten mot slutten av andre verdskrig. Mellom anna var han øvstkommanderande under Invasjonen i Normandie. Han vann presidentvalet i 1952 over demokraten Adlai Stevenson, og vart attvald i 1956.
Dwight David Eisenhower | |
![]() | |
President i USA | |
Periode | 20. januar 1953–20. januar 1961 |
---|---|
Parti | Det republikanske partiet i USA |
Fødd | 14. oktober 1890 i Denison i Texas |
Fødestad | Denison |
Død | 28. mars 1969 i Washington D.C. |
Dødsstad | Washington, Walter Reed Army Medical Center |
Mor | Ida Stover Eisenhower |
Far | David Jacob Eisenhower |
Ektefelle | Mamie Eisenhower |
Barn | Doud Dwight Eisenhower (1917–1921)
|
Medlem | American Legion Veterans of Foreign Wars |
Føregangar | Harry S. Truman |
Etterfølgjar | John F. Kennedy |