Yangchengsjøen (kinesisk: 阳澄湖, pinyin: Yángchéng Hú) er eit vatn (innsjø) om lag tre km nord for byen Suzhou i provinsen Jiangsu i Folkerepublikken Kina. Han dekker eit areal på 20 km2. Vatnet er mest kjent for sin bestand av den allment sett mest delikate ullhandskrabben, ei kulinarisk delikatesse i 'det kinesiske kjøken' og særleg knytt til Shanghais kokekunst. Yangchengsjøen ligg mellom Taisjøen og storelva Chang Jiang.

Kokte ullhandskrabbar

Den kinesiske ullhandskrabben migrerar i september og oktober frå Yangchengsjøen mot Chang Jiang-deltaet for å pare seg, og lokale fiskarar fangar dei i denne perioden. I 2002 var den totale fangsten på rundt 1500 tonn.

Bakgrunnsstoff

endre