Yanta er ein landsby som ligg i Rashaya distrikt, sør i Beqaa guvernement i Libanon, 79 km frå Beirut. Han ligg nær den syriske grensa nord for Kfar Qouq.[1]

Yanta
landsby
Land  Libanon
Guvernement Beqaa guvernement
Distrikt Rashaya distrikt
Høgd 1 540 moh.
Koordinatar 33°36′11″N 35°56′39″E / 33.603056°N 35.944167°E / 33.603056; 35.944167
Areal 31,11 km²
Kart
Yanta i Libanon
33°36′11″N 35°56′39″E / 33.603055555556°N 35.944166666667°E / 33.603055555556; 35.944166666667
Kart som viser Yanta i Libanon.
Kart som viser Yanta i Libanon.
Kart som viser Yanta i Libanon.

Landsbyen ligg kring 1540 meter over havet. Namnet vert hevda å tyde «Guds så» eller «Guds såmann» på semittisk, «kvit due» på gammalsyrisk og «høgd» på arabisk.[2] I 2001 og 2002 vart det gjort arkeologiske undersøkingar ved Kamid al lawz nær Yanta, der ein fann store mengder gammal gresk keramikk.[3]

Romersk tempel

endre

Det ligg ruinar av eit imponerande stort romersk tempel i området, som ein trur vart bygd over eit semittisk tempel.[4][5] Ruinane ligg på kvar side av vegen og er spreidd, men somme steinar står framleis. Kring staden har ein funne spor etter gamle busetnader og graver.

Kjelder

endre
  1. Anīs Furaiḥa (1972). dictionary of the name of towns and villages in Lebanon. Maktabat Lubnān. Henta 17. mars 2011. 
  2. Qada' (Caza) Rachaya - Promenade Tourist Brochure, av The Lebanese Ministry of Turisme (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. juli 2011, henta 22. september 2014 
  3. E. A. Myers (6. juli 2014). The Ituraeans and the romersk Near East: Reassessing the Sources. Cambridge University Press. s. 88–. ISBN 978-0-521-51887-1. Henta 24. april 2011. 
  4. Ivan Mannheim (1. juli 2001). Syria & Lebanon handbook: the travel guide. Footprint Travel Guides. s. 603–. ISBN 978-1-900949-90-3. Henta 24. april 2011. 
  5. George Taylor (1969). The Roman tempels of Lebanon: a pictorial guide, s. 22, 127, 130. Argonaut. Henta 24. april 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre