Yeruham (hebraisk skrift יְרוּחָם, יְרוֹחַם, Yeroham) er ein by (lokal kommune) i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg i Negevørkenen og hadde eit folketal på 9 400 i 2006. Han er kalla opp etter den bibelske Jeroham.

Yeruham
יְרוּחָם, יְרוֹחַם
lokal kommune
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 30°59′18.53″N 34°55′40.62″E / 30.9884806°N 34.9279500°E / 30.9884806; 34.9279500
Areal 38,584 km²
Folketal 9 400  (2006)
Folketettleik 244 / km²
Grunnlagd 1951
Borgarmeister Michael Bitton
Kart
Yeruham
30°59′20″N 34°56′02″E / 30.988888888889°N 34.933888888889°E / 30.988888888889; 34.933888888889
Wikimedia Commons: Yeruham
Nettstad: www.yeruham.co.il

I mange år sleit Yeruhamn økonomisk og folk hadde eit dårleg syn på staden, men kommuneleiinga klarte å betre levevilkåra etter kvart.[1]

Historie endre

Antikken endre

Yeruham er staden der Tel Rahma låg, datert attende til 900-talet fvt. I utkanten av Yeruham ligg ein eldgammal brunn, Be'er Rahma (באר רחמה). Somme arkeologar har identifisert brunnen som den der den bibelske Hagar henta vatn til sonen sin Ishmael.

Moderne tid endre

Den moderne Yeruham vart grunnlagd den 9. januar 1951 som Kfar Yeruham (hebraisk skrift כְּפַר יְרֻחָם). Han var ein av dei første utviklingsbyane i Israel, og grunnlagd for å busetje grenseområda i tida då staten enno var ung. Han ligg nærr Makhtesh Gadol, eit område ein den tida trudde var rikt på naturressursar.[2]

Dei første immigrantane kom frå Romania, og mange av dei var overlevande etter Holocaust, etterfølgd av immigrantar frå Nord-Afrika, Persia, India og andre stader. I 1961 var folketalet 1 574. Namnet vart endra til Yeruham i 1962.[2] Yeruham vart opphavleg grunnlagd langs Petroleumsvegen i Negev (i dag 224 og 225) og vokse først under bygginga av hovudveg 25 og vegen mellom Beersheba og Mitzpe Ramon, som skapte ei ny vegrute til Eilat, slik at Petroleumsvegen ikkje lenger kom i bruk.[3]

Sidan hausten 1990 har Yeruham teke i mot hundrevis av immigrantar frå det tidlegare Sovjetunionen, som i dag utgjer kring ein fjerdedel av innbyggjartalet.

Geografi endre

 
Yeruhamsjøen

Yeruham ligg nord i Negev, 15 km frå Dimona, 520 meter over havet.

Kjelder endre

  1. Yeruham calls elections overrated Haaretz, 28. oktober 2007
  2. 2,0 2,1 Livni, Shimshon (1994). Gardus, Yehuda; Shmuel, Avshalom, red. The Land of the Negev (engelsk title). Ministry of Defense Publishing. s. 588.  (he)
  3. Livni, Shimshon (1994). Gardus, Yehuda; Shmuel, Avshalom, red. The Land of the Negev (engelsk title). Ministry of Defense Publishing. s. 590–592.  (he)

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Yerucham frå Wikivoyage