Yitav (hebraisk skrift יִיטַ"ב, ei forkorting for Yad Yitzhak Tabenkin, hebraisk skrift יד יצחק טבנקין, òg skrive Yeitav) er ei israelsk busetjing og moshav shitufi sør i Jordandalen på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg like nord for Jeriko og vest for den palestinske landsbyen al-Auja og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

Yitav
moshav
Region Jordandalen
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Bik'at HaYarden
Koordinatar 31°56′50″N 35°25′23″E / 31.94722°N 35.42306°E / 31.94722; 35.42306
Folketal 360 (2019)[1]
Grunnlagd 1970
 - Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Yitav
31°56′53″N 35°25′24″E / 31.9481°N 35.4233°E / 31.9481; 35.4233

Han vart grunnlagd som ei Nahal-busetjing i 1970, og vart anerkjent av staten i 1977, og byrja å drive som ein kibbutz. Han vart kalla opp etter Yitzhak Tabenkin, ein av leiarane i den israelske kibbutzrørsla, men vart sidan endra til ein moshav shitufi (men framleis i Kibbutzrørsla). I 2006 hadde han 175 innbyggjarar.

Yitav naturreservat ligg 4 km vest for Yitav og dekkjer kløfta Nahal Yitav (Wadi al-Auja) med kjeldene som ligg her.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • Yitav on Bik'at HaYarden regionale kommune site (he).