Yonatan i Golanhøgdene

Yonatan (hebraisk יוֹנָתָן) er ei israelsk busetjing og ein moshav sentralt i Golanhøgdene. Yonatan vart grunnlagd som ein moshav shitufi og gjekk gjennom ein privatiseringsprosess og vart ein «yishuv kehillati» (fellesbusetjing). Busetjinga er ein del av Hapoel HaMizrachi-rørsla i Golan regionale kommune. Det bur kring 350 innbyggjarar i landsbyen. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter internasjonal rett, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]

Yonatan
moshav
Land Mal:Landdata Israels okkuperte områder, Golanhøgdene, Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°56′10.68″N 35°47′40.19″E / 32.9363000°N 35.7944972°E / 32.9363000; 35.7944972
Folketal 745 (2019)[1]
Kart
Yonatan i Golanhøgdene
32°56′11″N 35°47′40″E / 32.9363°N 35.794497222222°E / 32.9363; 35.794497222222
Kart som viser Yonatan i Golanhøgdene.
Kart som viser Yonatan i Golanhøgdene.
Kart som viser Yonatan i Golanhøgdene.
Wikimedia Commons: Yonatan (Golan Heights)

Busetnaden er kalla opp etter Yonatan Rosenman, som mista livet i ei stridsvogn under Jom kippúr-krigen.[3]

Historie

endre

Busetjinga vart grunnlagd, i lag med fire andre busetjingar, då Yitzhak Rabin var statsminister i Israel. Dei første innbyggjarane kom frå Yonatan Rosenman sin Nahal gar'in. Kort tid etter Jom kippúr-krigen valde innbyggjarar, inkludert broren til Yonatan, Didi, å namngjeve busetjinga etter han og starte eit jordbrukssamfunn i Golanhøgdene. I 1975 vart busetjinga starta opp i områder der Merom Golan kibbutz ligg, og etter kring eitt år vart han flytta til Tel Farj. Først i 1978 vart han flytta til den noverande plasseringa.

Geografi

endre

Busetjinga ligg 570 meter over havet, nær Gilgal Refaim, kring 7 km vest for grensa til Syria, og nokre få kilometer sørvest for Keshet, som òg er ein moshav shitufi i Hapoel HaMizrachi-rørsla.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre