You're the Inspiration
You're the Inspiration Singel av Chicago frå albumet Chicago 17 | ||
B-side |
«Once in a Lifetime» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. oktober 1984 | |
Innspelt | 1983-1984 | |
Sjanger | Poprock, softrock | |
Lengd | 3:50 | |
Selskap | Full Moon/Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Peter Cetera, David Foster | |
Produsent | David Foster | |
Chicago-kronologi | ||
«Hard Habit to Break» (1984) |
You're the Inspiration | «Along Comes a Woman» (1985)
|
«You're the Inspiration» er ein song skriven av Peter Cetera og David Foster for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Chicago 17 (1984), med Cetera på solovokal. Det var den tredje singelen frå albumet deira og nådde tredjeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i januar 1985 og klatra til topps på adult contemporary-lista same månaden.[1] Peter Cetera spelte inn songen på ny i 1997 for soloalbumet You're the Inspiration: A Collection.
Historie
endrePeter Cetera sa i 2004 at «You're the Inspiration» starta som ein song for Kenny Rogers. «David Foster ringde meg og sa ‘Eg er i studio med Kenny Rogers, og han spør om du kan skrive ein song til han. Og eg sa ‘Flott!. Eg er på veg til Italia no. Eg ringer deg om to veker når eg kjem att.’ Og han seier, ‘Nei, nei, nein han meiner, akkurat no.’ Og eg sa ‘Greit, kom over her no og så ser me kva me kan finne på.’ Så midt i pakkinga kom David heim til meg og i løpet av tre timar kom me opp med akkordstrukturen for “You’re the Inspiration,” som ikkje hadde fått namn enno. Då eg var i Italia fekk eg inspirasjon til å skrive teksten og då eg kom attende arbeidde eg med melodien og presenterte songen for Kenny. Han ønskte ikkje eller hadde ikkje tid til songen. Bra for meg!»[2] Han endra så noko av teksten og spelte inn songen med Chicago for Chicago 17.
Musikkvideo
endreI videoen kan ein sjå bandet som spelar innimellom par i forskjellige aldrar som klemmer kvarandre.
Lister
endreListe (1984/1985) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 3 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 1 |
Nederland | 32[3] |
New Zealand | 30[4] |
Sverige | 6[5] |
UK Singles Chart | 14 |
Peter Cetera med Az Yet
endreYou're the Inspiration Singel av Peter Cetera med Az Yet frå albumet You're the Inspiration: A Collection | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. august 1997 | |
Innspelt | 1996 | |
Sjanger | Poprock, R&B, Adult contemporary | |
Lengd | 4:07 | |
Selskap | Platina Entertainment | |
Låtskrivar(ar) | Peter Cetera, David Foster | |
---|---|---|
Produsent | Babyface | |
Peter Cetera med Az Yet-kronologi | ||
«Hard to Say I'm Sorry» (1997) |
You're the Inspiration | «Keep on Pushin'» (2007)
|
Lister
endreListe (1997) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 77 |
U.S. Billboard Adult Contemporary | 29 |
Dutch Top 40 | 72[6] |
Andre innspelingar
endre- Elkie Brooks i 1989 på albumet Inspiration.
- David Foster som ein instrumental pianoversjon i 1991 på Rechordings.
- Stevie Brock i 2003.
- Julian Miranda i 2006 for Nintendo DS-spelet Elite Beat Agents.
- CC & Lee i 2009 på albumet Gåva till dig.[7]
- L.U.S.T. i 2009
- Jon Alkalay i 2014
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «You're the Inspiration» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 55.
- ↑ Video på YouTube
- ↑ «You're the Inspiration». Dutchcharts. 1985. Henta 30. januar 2015.
- ↑ «You're the Inspiration». Charts. 1985. Arkivert frå originalen 19. mars 2015. Henta 30. januar 2015.
- ↑ «You're the Inspiration». Charts. 1985. Henta 30. januar 2015.
- ↑ «You're the Inspiration». Dutchcharts. 1997. Henta 30. januar 2015.
- ↑ «Gåva till dig» (på svensk). Svensk mediedatabas. 2009. Henta 30. januar 2015.