Kenny Rogers (21. august 193820. mars 2020) var ein amerikansk songar, komponist og skodespelar. Han vart først kjend som medlem av visegruppa New Christy Minstrels i 1966–1967. Som leiar av kvartetten Kenny Rogers and the First Edition (1967–1974) fekk han store hits med den småpsykedeliske singlen «Just Dropped In (To See What Condition My Condition Was In)» i 1968, countrysongen «Ruby, Don't Take Your Love To Town» i 1969 i tillegg til «Something's Burning» og «Tell It All Brother» i 1970.

Kenny Rogers

Fødd21. august 1938
FødestadHouston
Død20. mars 2020 (81 år)
DødsstadSandy Springs
FødenamnKenneth Donald Rogers
OpphavUSA
Aktiv1958–2020
Sjangercountry, country pop, pop, adult contemporary, softrock, rock, estrada
Instrumentbassgitar, gitar, munnspel, fele, vokal
Stemmetypebaryton
PlateselskapAtlantic Records, Capitol Records, Capitol Nashville, Curb Records, Giant Records, Mercury Records, RCA Records, Reprise Records, United Artists Records, Warner Music Group, Warner Bros. Records
Verka somsongar, skodespelar, songar-låtskrivar, gründer, musikkartist, biletkunstnar, musikkprodusent, forfattar, fotograf, kunstnar, fjernsynsskodespelar, gitarist, pianist
Gift medMarianne Gordon
PrisarGrammy Award for Best Male Country Vocal Performance, Favorite Country Single, American Music Award for Favorite Country Album, Favorite Country Male Artist, Grammy Award for Best Male Country Vocal Performance, American Music Award for Favorite Country Album, Favorite Country Male Artist, Favorite Country Single, American Music Award for Favorite Country Album, Favorite Country Male Artist, Favorite Pop/Rock Male Artist, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, American Music Award for Favorite Country Album, Favorite Pop/Rock Male Artist, People's Choice Award for Favorite Country Artist, Favorite Country Single, Favorite Country Male Artist, American Music Award of Merit, People's Choice Award for Favorite Country Artist, People's Choice Award for Favorite Country Artist, Favorite Country Single, American Music Award for Favorite Country Album, Favorite Country Male Artist, People's Choice Award for Favorite Country Artist, People's Choice Award for Favorite Country Artist, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, People's Choice Award for Favorite Country Artist, People's Choice Award for Favorite Country Artist, Willie Nelson Lifetime Achievement Award, California Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Country Music Hall of Fame and Museum

Han var soloartist frå 1975 i ein melodiøs og ofte balladeprega stil som hadde røter i countrymusikken, men som appellerte til eit breitt publikum. Rogers hadde over 50 countryhits, og dei største hitane hans på salgslistene for popmusikk var mellom anna «Lucille» (1977), «Don't Fall In Love With A» (1980, duett med Kim Carnes), «We've Got Tonight» (1983, duett med Sheena Easton) og «Islands In The Stream» (1983, duett med Dolly Parton).

Blant dei mest selte albuma til Kenny Rogers er Kenny (1979), Share Your Love (1981), Eyes That See In The Dark (1983) og Once Upon A Christmas (1984; med Dolly Parton). Kenny Rogers har også hatt fleire roller tv-seriar og tv-filmar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre