You Go to My Head

«You Go to My Head» er ein populær song frå 1938 komponert av J. Fred Coots med tekst av Haven Gillespie.[1] Fleire versjonar av songen er spelt inn og han har sidan blitt ein pop- og jazzstandard.

«You Go to My Head»
Musikk av J. Fred Coots
Tekst av Haven Gillespie
Publisert 1938

Larry Clinton spelte inn songen med orkesteret sitt den 24. februar 1938 og songen vart ein hit som nådde tredjeplassen på poplista.[2] Han inspirerte ein svarsong, «You Went To My Head», av Joseph Meyer, Bob Emmerich og Buddy Bernier. Denne vart spelt inn av Fats Waller den 11. mars 1938 og igjen av Duke Ellington, med vokal av Ivie Anderson, den 17. april 1938.

Songen vart seinare spelt inn i 1938 av Teddy Wilson med vokal av Nan Wynn, av Billie Holiday,[3] og av Glen Gray's Casa Loma Orchestra. Desse versjonane nådde alle Topp 20 i 1938.[2] Songen vart spelt i filmane Laura frå 1944 og The Big Sleep frå 1946.

23. april 1961 framførte Judy Garland songen i Judy at Carnegie Hall.

Innspelingar endre

Kjelder endre

  1. «You Go To My Head» at jazzstandards.com – henta 9. juli 2017
  2. 2,0 2,1 Ted Gioia: The Jazz Standards: A Guide to the Repertoire, Oxford University Press 2012, p. 469
  3. [1] Arkivert 25. juni 2009 ved Wayback Machine.
  4. http://www.discogs.com/Dave-Brubeck-Trioand-Quartet-Jazz-At-Storyville/release/3469524

Bakgrunnsstoff endre