You Got It
Singel av Roy Orbison
frå albumet Mystery Girl
Utgjeve 1989
Innspelt 1988
Sjanger Poprock
Lengd 3:30
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne, Roy Orbison, Tom Petty
Produsent Jeff Lynne
Roy Orbison-kronologi 
«She's a Mystery to Me»
(1989)
You Got It «End of the Line»
(1989)


You Got It
Singel av Bonnie Raitt
frå albumet Boys on the Side
Utgjeve 1995
Innspelt 1994
Sjanger Countrypop
Lengd 3:27
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne, Roy Orbison, Tom Petty
Bonnie Raitt-kronologi 
«Storm Warning»
(1994)
You Got It «Rock Steady»
(1995)


«You Got It» er ein song av Roy Orbison frå albumet Mystery Girl (1989). Songen nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 og toppen av adult contemporary-lista,[1] og gav Orbison den første topp 10-plasseringa si i USA på 25 år.[2] Songen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart våren 1989. Dette var nokre månader etter Orbison døydde av hjarteinfarkt den 6. desember 1988, 52 år gammal. «You Got It» vart den siste hitsingelen til Orbison i USA, medan singelen «I Drove All Night» nådde topp 5 i Storbritannia i 1992. I tillegg var det den einaste solosingelen hans som nådde Hot Country Songs-lista i USA med ein sjuandeplass. Sjølv om singelen er Orbison solo, vart han skriven i lag med bandkollegaene hans i Traveling Wilburys, Tom Petty og Jeff Lynne, som òg speler på albumet.

Den einaste gongen Orbison framførte songen på konsert var ved Diamond Awards Festival i Antwerpen i Belgia, berre få dagar før han døydde. Bilete frå konserten vart med i musikkvideoen til songen.

Refrenget i songen «Anything you want, you got it, anything you need, you got it, anything at all, you got it» vert nytta i Die Antwoord-songen «Ugly Boy».

Lister endre

Vekeslister endre

Liste (1989) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[3] 3
US Billboard Hot 100[4] 9
US Adult Contemporary (Billboard)[5] 1
US Country Songs (Billboard)[6] 7
UK[7] 3

Årslister endre

Liste (1989) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[8] 33
Canada Country Tracks (RPM)[9] 39
UK[10] 38
US Country Songs (Billboard)[11] 95

Medverkande endre

  • Roy Orbison – vokal, korvokal, akustisk gitar
  • Jeff Lynne – korvokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, klaverinstrument, bassgitar, piano
  • Tom Petty – korvokal, akustisk gitar
  • Phil Jones – trommer, perkusjon

Andre versjonar endre

I USA vart songen ein hit igjen i 1995 med Bonnie Raitt, som spelte inn ein versjon for filmen Boys on the Side. Denne nådde 34. plassen på Hot 100. Whoopi Goldberg song òg songen for filmen. Den sørafrikanske songaren Ray Dylan spelte ein versjon av songen for albumet Goeie Ou Country vol 3.[12]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre