Whoopi Goldberg (eigentleg Caryn Elaine Johnson, fødd 13. november 1955) er ein amerikansk skodespelar, songar og komikar. Ho er ein av dei få som har vunne både Oscar, Emmy, Grammy og Tony Award. I tillegg har ho vunne to Golden Globe-prisar og to Saturn Award-prisar.

Whoopi Goldberg

Fødd13. november 1955 (68 år)
FødestadNew York by
FødenamnCaryn Elaine Johnson
AliasWhoopi Goldberg
Aktive år1981–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, radioprogramleiar, songar-låtskrivar, songar, skribent, romanforfattar, stemmeskodespelar, talk-show-vert, karakterskodespelar, teaterskodespelar, barnebokforfattar, komikar, filmprodusent, programleiar, manusforfattar, teaterprodusent, produsent, fjernsynsprodusent, komponist, skodespelar
EktefelleLyle Trachtenberg, David Claessen, Alvin Martin
BornAlex Martin
PrisarOscar for beste kvinnelige birolle, Theatre World Award, Mark Twain Prize for American Humor, Golden Globe, Crystal Award, æresdoktor ved Brandeis-universitetet, Drama Desk Award, Emmy-prisen, Grammy Award, Tony-prisen, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Drama League Award, Hasty Pudding Woman of the Year, GLAAD Vanguard Award

Tidleg liv og familie endre

Whoopi Goldberg vart fødd Caryn Elaine Johnson i New York, som dotter av Emma Harris, ein sjukepleier og lærer, og Robert James Johnson, ein prest.[1] Goldbergs mor var ei «streng, sterk og vis kvinne» som oppdrog ho som einsleg mor, etter at faren forlét familien.[2] Artistnamnet hennar stammar frå det amerikanske uttrykket «whoopee cushion», som ho innleiingsvis brukte som artistnamn. Goldberg uttalte at «Viss du er full av luftt, så må du sleppa det ut. Folk pleidde å seia til meg, 'Du er som ein whoopee cushion', og det er der namnet kjem frå.» Ho valde etternamnet Goldberg etter jødiske familiemedlemmar, og har sagt at «Goldberg er ein del av familien min einkvan stad».[3][2] I eit intervju i 1991 fortalde Goldberg at ho ser på seg sjølv som ei «jødisk-katolsk jente frå New York». I ein reportasje i 1993 i Chicago Sun-Timest, sa ho at mor hennar er jødisk. I eit intervju med The Fresno Bee refererte Goldberg til seg sjølv om ei «jødisk-amerikansk prinsesse». Eit DNA-test, kringkasta i ein PBS-dokumentar i 2006, kalla African American Lives, spora mesteparten av hennar familiebakgrunn til papel- og bayote-folket i det noverande Guinea-Bissau. Testen hennar fann at den genetiske blandinga hennar var 92 % afrikansk sør for Sahar og 8 % europeisk.[4][5]

Skodespelarkarriere endre

Tidleg karriere endre

Skodespelartalent til Goldberg viste seg i 1981-82 i filmen Citizen: I'm Not Losing My Mind, I'm Giving It Away, med skodespelarar frå eit avantgarde-ensemble av William Farley. Goldberg skapte så The Spook Show, eit eun-kvinnes-show som inneheldt monologane til fleire ulike figurar i 1983. Regissøren Mike Nichols vart interessert og tilbaud seg å ta showet til Broadway. Showet gjekk frå 24. oktober 1984 til 10. mars 1985 og hadde totalt 156 utselde framsyningar. Medan ho opptredde på Broadway, fanga ho merksemda til regissøren og produsenten Steven Spielberg. Han skulle til å regissera den Pulitzer Prize-vinnende romanen Purpurfargen skriven av Alice Walker. Etter å ha lese romanen, var ho ekstatisk over å ha fått hovudrolla i filmen. Skodespelet til Goldberg vart rosa av Spielberg, Walker, og den musikalske konsulenten Quincy Jones. Filmen vart seinare nominert til 11 oscarprisar, medrekna ein til Goldberg for beste kvinnelege skodesplar. Filmen vann ingen av nominasjonane, men Goldberg vann Golden Globe for skodespelarprestasjonen sin.

Privatliv endre

Då ho var 18 år gifta ho seg med den 26 år gamle Alvin Martin. I 1973 fekk paret sitt første og einaste barn, dottera Alexandrea. Etter at Goldberg skilde seg frå Martin, flytta ho til California. Der var ho med på å starta San Diego Repertory Company, der ho brukte artistnamnet «Whoopi Cushion». Før ho fekk suksess som skodespelar, arbeidde ho i ein bank, som murar, og som makeupartist ved eit likhus.[6]

Goldberg traff David Claessen under innspelinga av Jumpin' Jack Flash, og dei gifta seg, men dei vart skilde i 1988. I 1994 gifta Goldberg seg for tredje gong, då med Lyle Trachtenberg, men paret vart skild etter eitt år.

I 1993 hadde Goldberg eit kortvarig tilhøve til Ted Danson, som då var gift. Under filminga av Eddie i 1996 innleidde Goldberg eit tilhøve til motspilleren Frank Langella. Goldberg avslutta tilhøvet tidleg i 2000.[6]

Dottera til Goldberg, Alexandrea Martin, er mor til tre.[6] Det eldste barnet, Amarah Sky, vart fødd på fødselsdagen til Goldberg i 1989.

Filmografi (utval) endre

  • 1982 – Citizen: I'm Not Losing My Mind, I'm Giving It Away
  • 1985 – Purpurfargen
  • 1986 – Jumpin' Jack Flash
  • 1990 – Ghost
  • 1992 – Sister Act
  • 1993 – Sister Act 2
  • 1994 – The Lion King (stemme)
  • 1994 – Star Trek: Generations
  • 1999 – Stjålne år
  • 2002 – Star Trek: Nemesis

Diskografi endre

  • Whoopi: Original Broadway Recording (1985)
  • Whoopi Goldberg: Fontaine... Why Am I Straight? (1988)
  • Sister Act 2 – Soundtrack (1993)
  • Whoopi: The 20th Anniversary Show (2005)

Bibliografi endre

  • Goldberg, Whoopi (1992). Alice. Bantam Books. ISBN 0553089900.
  • Goldberg, Whoopi (1996). Book. Bantam Books. ISBN 068815252X.
  • Goldberg, Whoopi (2006). Whoopi's Big Book of Manners. Hyperion Books for Children. ISBN 078685295X.

Prisar og nominasjonar endre

Oscar endre

  • 1986: Nominert; Beste kvinnelege hovudrolle, Purpurfargen
  • 1991: Vunne: Beste kvinnelege birolle, Ghost

Emmy endre

Daytime Emmy Awards

  • 1999: Nominert: Framifrå gameshow, Hollywood Squares (delt med fleire).
  • 2000: Nominert: Framifrå gameshow, Hollywood Squares (delt med fleire).
  • 2001: Nominert: Framifrå gameshow, Hollywood Squares (delt med fleire).
  • 2002: Nominert: Framifrå gameshow, Hollywood Squares (delt med fleire).
  • 2002: Vunne: Framifrå ekstraundervisningsfilm, Beyond Tara: The Extraordinary Life of Hattie McDaniel (delt med fleire).

Primetime Emmy Awards

  • 1986: Nominert: Framifrå gjesterolle i dramaserie, Moonlighting.
  • 1991: Nominert: Framifrå gjesterolle i komedieserie, A Different World.
  • 1994: Nominert: Framifrå opptreden i varieté- eller musikkprogram, The 66th Annual Academy Awards.
  • 1996: Nominert: Framifrå opptreden i varieté- eller musikkprogram, Comic Relief VII (saman med Robin Williams og Billy Crystal).
  • 1996: Nominert: Framifrå opptreden i varieté- eller musikkprogram, The 68th Annual Academy Awards.
  • 2005: Nominert: Framifrå opptreden i varieté- eller musikkprogram, Whoopi: Back to Broadway – The 20th Anniversary.

Golden Globe endre

  • 1986: Vann: Beste kvinnelege skodespelar – Drama, Purpurfargen.
  • 1991: Vann: Beste kvinnelege birolle, Ghost.
  • 1993: Nominert: Beste kvinnelege skodespelar – Musikal eller komedie, Sister Act.

Andre prisar (utval) endre

Saturn Award

  • 1991: Vann: Beste kvinnelege birolle, Ghost.
  • 1995: Nominert: Beste kvinnelege birolle, Star Trek: The Next Generation.

Kjelder endre

  1. «Whoopi Goldberg Biography (1955-)», www.filmreference.com, henta 23. november 2021 
  2. 2,0 2,1 Chutkow, Paul. "Whoopi's Revenge. Arkivert 2008-03-03 ved Wayback Machine. Cigar Aficionado Archives
  3. Interview, 20. august 2006 Sunday New York Times Magazine
  4. Whoopi Goldberg’s DNA Hails from W. Africa, arkivert frå originalen 22. desember 2007, henta 20. november 2021 
  5. GOLDBERG REFUSES INVITE TO AFRICAN ANCESTRAL STATE, arkivert frå originalen 26. september 2007, henta 20. november 2021 
  6. 6,0 6,1 6,2 Biografi fra Imdb

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Whoopi Goldberg