Yrsa Sigurðardóttir
Vilborg Yrsa Sigurðardóttir (fødd 24. august 1963 i Reykjavík) er ein islandsk forfattar. Ho er student frå MR i 1983 og studerte etterpå til bygningsingeniør ved Háskóli Íslands, der ho avslutta med ein Bachelor of Science i 1988. Ho heldt fram studiane ved Concordia University i Montreal i Canada, og fekk i 1997 den akademiske graden Master of Science. Ho bur no med mann og to born i Seltjarnarnes ved Reykjavík, og arbeider som ingeniør ved Kárahnjúkar-kraftverket aust på Island[1].
Yrsa Sigurðardóttir | |
Vilborg Yrsa Sigurðardóttir, 2009. | |
Nasjonalitet | Islandsk |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 24. august 1963 (61 år) Reykjavík |
Yrke | Forfattar, bygningsingeniør |
Periode | 1998- |
Sjanger | Kriminallitteratur, barnelitteratur |
Debut | Þar lágu Danir í því |
Yrsa Sigurðardóttir på Commons |
Forfattarskap
endreYrsa Sigurðardóttir gav ut den første barneboka si, Þar lágu Danir í því, i 1998, og året etter kom barne- og ungdomsboka Við viljum jól í júlí. Den første spaningsromanen til Yrsa, Þriðja táknið, kom ut i 2005, og vart svært godt motteken, og omsett til fleire språk. Den sentrale karakteren i kriminalromanane hennar hittil, har vore advokaten Þóra (Thora) Guðmundsdóttir.
Bibliografi
endreBarnebøker
endre- 1998 Þar lágu Danir í því
- 1999 Við viljum jólin í júlí
- 2000 Barnapíubófinn, Búkolla og bókarránið
- 2001 B 10
- 2003 Biobörn
Kriminallitteratur
endre- 2005 Þriðja táknið (Norsk omsetjing av Tone Myklebost, Det tredje tegnet) ISBN 9788204117779
- 2006 Sér grefur gröf (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Den som graver en grav-) ISBN 9788204138323
- 2007 Aska (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Aske) ISBN 9788204155290
- 2008 Auðnin
- 2009 Horfðu á mig
- 2010 Ég man þig (Norsk omsetjing av Silje Beite Løken, Jeg vet hvem du er) ISBN 9788248911517
- 2011 Brakið
Kjelder
endre- ↑ Om Yrsa Sigurðardóttir på Bókmenntavefurinn Borgarbókasafn Reykjavíkur (Reykjavík bibliotek, på engelsk og islandsk)., arkivert frå originalen 24. april 2012, henta 15. mars 2012
- Denne artikkelen bygger på «Yrsa Sigurðardóttir» frå Wikipedia på islandsk, og «Yrsa Sigurðardóttir» frå Wikipedia på tysk den 15. mars 2012.