Bu i Hardanger

(Omdirigert frå Ytre Bu)

Bu er ei bygd på grensa mellom Ullensvang kommune og Eidfjord kommune i Indre Hardanger. Bu ligg på sørsida av Eidfjorden, med Ytre Bu i Ullensvang og Indre Bu i Eidfjord.

Bu
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang, Eidfjord
Kart
Bu i Hardanger
60°28′11″N 6°51′16″E / 60.46976°N 6.85454°E / 60.46976; 6.85454

Riksveg 13 går gjennom bygda. Det søre landfestet på Hardangerbrua er på Bu. Etter at brua vart ferdig i august 2013, går riksvegen over Eidfjorden i bru mellom Bu og Vallavik i Ulvik herad i staden for over ferjesambandet Bruravik-Brimnes, som vart lagd ned. Under bygginga av brua var det stor anleggsverksemd på Bu.

På Bu ligg Bu museum, som er ein del av Hardanger Folkemuseum.

4. juli 2011 var det ei helikopterulukke i fjella innom Bu. Helikopteret var frå Airlift i Kinsarvik og frakta mannskap til ei hyttebygging på Vassli. Fem personar omkom i ulukka.[1]

Kjelder endre

  1. bt.no, arkivert frå originalen 7. juli 2011, henta 5. juli 2011 

Bakgrunnsstoff endre