Ytre Ringvei i Oslo
Ytre Ringvei i Oslo er ein veg i nord-sørretninga aust i kommunen, mellom Strømsveien på Alnabru og fram til kryss med Tvetenveien på Tveita.
Namnet Ytre Ringvei på denne stutte vegstrekninga har si bakgrunn i at vegen opphavleg var meint å inngå i eit større ringvegsystem lengre utanfor bykjernen enn Ring 3 (Store ringvei). Men dette vart det ikkje noko av. Planen har likevel materialisert seg i terrenget ved det ved sida av brua for Ytre Ringvei over motorvegen Europaveg 6 er støypt fundament (brukar) som ei førebuing til utviding av brua til firefeltsveg, og at Ytre Ringvei er ei av strekningane på ein samanhengande trasé fram til Skullerud i Bydel Østensjø, der vegen endar som ein blindveg aust for Skullerud gård. I krysset med Tvetenveien går Ytre Ringvei over i Trasopveien, som deretter går over i Hellerudveien, som går over i General Ruges vei fram til Skullerud.
Kjelder
endre- Knut Are Tvedt (redaktør), Oslo byleksikon, Oslo 2010. ISBN 978-82-573-1760-7