Tveita er eit bustadsområde i bydelen Alna, aust i Oslo. Utbygginga av området fann stad frå 19631969. Bustadane er fordelte på fleire burettslag og ligg i bustadblokker og rekkjehus. Attåt bustadane har området barneskule, vidaregåande skule, fleire barnehagar, eit industrifelt og kjøpesenter med Post i Butikk og T-banestasjon (Furusetbanen). Området vert avgrensa i aust og sør av Tvetenveien og i vest av den bratte skråninga Hellerudskrenten som går ned mot Alnaelva og Alnadalen. Nordaust for Tveita ligg bustadområdet Haugerud som vart bygd ut i same perioden, i aust og sør ligg dei eldre villaområda Hellerud og Godlia, og i vest og nord ligg Alnaelva med industriområde på begge sider.

Tveita er kjend for dei tre store bustadblokkene i Nåkkves vei, synlege på lang lei.
Foto: Torstein Frogner

Ved folketellinga i 2001 budde det om lag 3800 personar på Tveita, fordelte på grunnkrinsane Lohøgda, Tveita og Tveita Senter. Namnet på området kjem av Tveten Gård som i daglegtale heitte Tveita.

Utbygging endre

Utbygginga av Tveita var ein del av den såkalla Østensjøbyen som omfatta utbygginga av bustadar og transportnett i eit større områda der Østensjøvannet ligg omtrent i midten.

Etter andre verdskrigen var det skrikande trong for nye bustadar i Osloområdet, men alt for knapt med tilgjengelege landområde for nybygg. I 1948 vart Aker kommune slegen saman med Oslo, og det var eit naudsynt steg for å få sett fart på bustadutbygginga i området. Så lenge jordbruksområda låg i landkommunen Aker var bøndene verna mot oppkjøp av jorda av odelsretten, men odelsretten gjalt ikkje i bykommunar, og med støtte i ny lov frå 1946 som gjorde at jord kunne eksproprierast til bustadformål kunne Oslo kommune setje i gang med store bustadutbyggingsplanar på jordbruksmarka når kommunesamanslåinga var klar. Til å lage soneplanen for Tveita vart sett arkitektkontoret til Frode Rinnan og Olav Tveten. I 1950 kjøpte Oslo kommune opp det meste av jorda frå eigarane av Tveten Gård med tanke på å bygge bustadar på området. Om lag halvparten av den oppkjøpte jorda hadde vore dyrka mark medan resten hadde vore beiteland eller skogkledd. Det vart kjøpt opp om lag 1000 mål og av Tveten Gård vart det berre ca 50 mål att rundt dei gamle gardsbygningane. Av Hellerud Gård vart det også kjøpt opp nokre mål, men ein del av jorda Oslo kommune ønskte å få med i utbygginga ville ikkje eigaren frivillig selje og det vart reist ekspropriasjonssak som vart teken heilt til Høgsterett, der kommunen tapte. I 1959 festa kommunen bort den innkjøpte jorda til OBOS for at dei skulle setje opp bustadar der og i 1960 la arkitekt Rinnan etter oppdrag frå Byplankontoret fram reguleringsplanen «Tveita : en forstad til Oslo : 6. km. fra sentrum, 9000 innbyggere». I dei fyrste planane til Frode Rinnan var det med tre 20-etasjar høge og 120 meter lange skivehus som skulle stå med berre 25 meters mellomrom oppå eit høgdedrag. Dette tykte ikkje naboane i småhusbusetnaden på Hellerud, Haugerud og Trosterud om, dei meinte det kom til å verte alt for dominerande, og dei sende inn klager. Etter synfaringar og høyringar vart bystyret einige om at desse tre blokkene ikkje skulle vere høgare enn 14 etasjar og at det skulle vere minst 50 meter mellom dei og reguleringsplanen for Tveita vart vedteken i 1961. Planane gjekk då ut på at det skulle byggast ca 2500 husvære på Tveita og det skulle verte parkeringsplassar og garasjar for 2-3000 bilar. Byggearbeida starta i 1963.

Burettslaga endre

  • Lønnealléen borettslag stod ferdig i 1965 og er tre 11-etasjars blokker med til saman 204 husvære. Dette burettslaget ligg lengst søraust på Tveita, nærast Hellerud T-banestasjon, og har adresse Sigrid Undsets vei 1-5. Arkitekt var John Engh.
  • Sørhellinga borettslag var ferdigbygd i 1965 og ligg som namnet seier sør på området, vest for Lønnealléen Borettslag. 75 husvære er fordelt i 19 rekkjehus teikna av Alex Christiansen. Adressa er Simon Darres vei 1-75.
  • Lohøgda borettslag ligg på vestsida av Tveita og har adresse Erlends vei 2-72 og 1-29 og Kristins vei 2-42 og 1-43 . Lohøgda er det nest største av burettslaga på Tveita med sine 777 husvære fordelt på 15 lågblokker på 3 og 3 ½ etasjar. Arkitekt for anlegget var Brochmanns arkitektkontor. Husa stod ferdige i 1966.
  • Smalvollskogen borettslag har adressene Gunnulvs vei 2-36 og Lavrans vei 1-21 og 2-36 og ligg nord på Tveita. Anlegget er teikna av arkitektane Krag og Selmer og stod ferdig i 1965. 376 husvære er fordelte på 20 4-etasjars blokker. Smalvold var namnet på ein husmannsplass under Tveten, han låg nede ved Alnaelva, der Smalvollveien går i dag.
  • Luren borettslag ligg nordvest på området, har 47 husvære i rekkjehus, og er som Sørhellinga teikna av arkitekt Ales Christiansen. Adressa er Ragnfrids vei 2-94. Husa stod ferdige i 1968. Luren har fått namnet etter ein av plassane under Tveten Gård.
  • Tveita borettslag er det største av burettslaga på Tveita med 819 husvære fordelt på tre 13-etasjars blokker aust på området. Arkitekt var H. Backer Fürst. Blokkene har adresse Nåkkves vei 1-5 og den siste av dei var ferdigbygd i 1969. Dette er sjølvaste «Tveita-blokkene» og for mange typiske framandgjerande bumaskiner. Sjølv om dei vart kraftig kutta ned frå det som var dei fyrste planane ruver dei godt og kan lett sjåast frå det meste av Groruddalen. På den andre sida kan ein på dagar med idielle forhald sjå nesten heilt til Drøbak frå øvst i den sørlegaste blokka.

Tveita Senter endre

Skulane endre

  • Tveita skole
  • Hellerud videregående

Kommunikasjon endre

Vegnamna på Tveita endre

Mange av vegnamna på Tveita er knytt til Sigrid Undset sine mellomalderromanar om Kristin Lavransdatter. Det er ikkje noko særskild samanheng mellom Tveita og Sigrid Undset eller romansyklusen om Kristin Lavransdatter elles, og denne namnegruppa kunne truleg like gjerne ha vorte brukt ein annan stad under den store byutvidinga i etterkrigstida. Men det er eit vegnamn som er knytt til det tidlegare Tveita og det er Wilhelm Stenersens vei som har fått namnet sitt etter Wilhelm Stenersen som tidlegare eigde Tveten gård og var ordførar i den tidlegare Aker kommune.

Tveita industrifelt endre

Tveten gård endre

Det aller meste av jorda til Tveten gård vart kjøpt opp og utbygd, men 10 av gardsbygningane i det gamle tunet er tekne vare på og vert i dag brukt av bydelen til miljø- og kultursenter.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Oslo byleksikon. Kunnskapsforlaget 2000. Fjerde utgåve. ISBN 82-573-0815-3
  • Tormod A. Nygaard – Tveita Borettslag 1969-1994 : 25 år. 1994. Oslo, Groruddalen Forlag. ISBN 82-91353-01-8
  • Sigurd Senje - Vi i Østensjøbyen : en rundtur Lambertseter - Ryen Manglerud - Abildsø - Langerud - Rustad - Skullerud - Bogerud - Bøler - Østensjøvannet - Oppsal - Tveita – Haugerud. 1985. Oslo, Tiden Norsk Forlag. ISBN 82-10-02764-6
  • Karsten Sølve Nilsen – Alna (Loelva). 2005. Oslo, Topografisk forlag. ISBN 82-7981-036-6
  • Folketellinga 2001, Bydel Hellerud. SSB

Nettstader endre