Eksoskjelett

(Omdirigert frå Ytre skjelett)

Eit eksoskjelett er eit skjelett som sit på utsida av eit dyr, til skilnad frå endoskjeletta me finn hjå dei fleste virveldyr. Ordet vert vanlegvis forbunde med leddyr, sjølv om mange andre dyregrupper òg beskyttar kroppen med harde strukturar på utsida av han.

Eit skrukketroll krøllar seg saman med eksoskjelettet ut mot verda.

Eksoskjelett er kjend frå fossil frå opp til 550 millionar år attende, og har vore viktig i evolusjonen til mange dyregrupper. I tillegg til å verna sårbare delar av dyret tener det m.a. som feste for musklar og som støtte for å halda dyret oppe.

Mellom ulempene til eksoskjeletta er at dei er særs tunge og gjer det naudsynt for beraren å veksa i sprang heller enn gradvis. Dette har ikkje hindra dei frå å verta dei mest utbreidde forsvarsmekanismane/muskelfesta i dyreriket; både i tal på artar og i tal på individ dominerer dyr med ytre skjelett.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Eksoskjelett