Skrukketroll, også kalla kaffibiller, munkelus, kjellardyr og tusselus, er små krepsdyr som lever på land. I utsjånad og levevis minner dei om insekt, men er ikkje det. Skrukketroll dannar underordenen Oniscidea i ordenen Isopoda.

Skrukketroll
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Underklasse: Eumalacostraca
Overorden: Peracarida
Orden: Isopodar Isopoda
Underorden: Skrukketroll Oniscidea
Latreille, 1802

Dei er typisk avlange og har sju par bein. Antennene er godt synlege. Skrukketroll er gjerne blågrå og kroppen kan minna om eit skjold. Dei kan bli opptil to centimeter lange. Nokre artar kan rulla seg saman til kuler når dei kjenner seg truga. Dei har gjeller på undersida av kroppen, og dør om desse tørkar ut.

Dei finst på mørke, fuktige stadar og kjem ofte til syne viss ein snur på steinar. Dei kan opphalda seg inne i kjellarar. Nokre artar gjer skade på dyrka plantar. Skrukketroll er for det meste aktive om natta.

Hoa held dei befrukta egga på undersida av kroppen til dei klekker.

Rundt 20 artar finst i Noreg. Mellom desse er kjellarskrukketroll og murskrukketroll.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Skrukketroll
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.