Ytterby kyrkje
Ytterby kyrkje var ei kyrkje i Ytterby i Kungälv kommune i Bohuslän. Dette området tilhøyrer no Sverige, men i mellomalderen, då kyrkja vart bygd, var det ein del av Noreg. Kyrkja var oppført i romansk stil rundt 1100. Kyrkja vart delvis riven på 1800-talet, og står i dag som ein ruin.
Då kyrkja vart oppført på 1100-talet, låg ho like ved Konghelle, som var ein av Noregs største byar på denne tida. I Borgartingslova, lova som gjaldt for Vika, vert det fortalt at det var seks fylkeskyrkjer i Vika, og at ei av dei låg i Konghelle.[1] Ytterby kyrkje kan ha vore denne kyrkja.[2]
-
Nordsida av kyrkja
-
Sørsida, med koret
-
Porten inn til kyrkja, ved det gamle våpenhuset
-
Inngangen
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Ytterby kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 13. september 2016.
Litteratur
endre- Kolsrud, Oluf: Noregs kyrkjesoga I: Millomalderen. Aschehoug, Oslo 1958
- Ældre Borgartingslov, Vika si kristenret. Omsett av Torleiv Olavsson, Kristiania 1914